Fucales + Vepsestikk = sant?

Rommets første dobbeltkonsert er frisk og energisk.

GOD STEMNING: Det var gøy å vere på konsert
Publisert Sist oppdatert

Påskeferien er her og byen roar seg når alle reiser heim eller til hytta. Bergen er likevel ikkje heilt daud. Denne kvelden skal nemleg Fucales og Vepsestikk spele konsert på Rommet. Dette blir Rommet sin første dobbelkonsert, og dei kunne knapt valt ein betre duo.

Vi kjem inn på Rommet og det er fullt av folk. Kule folk. Svartkledde folk med merch frå ulike band, unge menneske med stilig hår, minst to relativt kjente popartistar, og så vidare. Om bandet er halvparten så tøft som publikum blir dette veldig bra, tenker eg.

Sterkt og variert frå fucales

Sjovet startar med ein saftig trommegroove og gitarstøy. Fucales har inntatt scena. Dei er eigentleg ein kvartett, men trompetisten kunne ikkje stille i kveld. «Vi skulle eigentleg ha trompetrock-bonanza, men i kveld går vi tilbake til røttene» seier dei. Det er altså berre bass, gitar og trommer, men det skal vise seg at det er meir enn nok til å lage god konsert.

Dei køyrer på og stemninga er i taket. Repertoaret består av både kjente låtar frå fjorårets plate og nye låtar som blei skrive på ein hyttetur. «Alt bunner i hytteturen», blir det sagt. Fucales blir aldri monotone, og dei er veldig gode på å veksle mellom høgt og lågt, og mellom å groove og lage støy. Bandet har to ganske ulike vokalistar som gjer at lydbiletet heldt seg friskt gjennom heile konserten. At dei attpåtil klarar å harmonisere godt er prikken over i-en.

TRØKK: Rockekonsert og kule folk

Kvar gong eg er på ein konsert med såpass høgt energinivå, står eg og håpar på at det blir moshpit. Mot slutten av konserten blir dette innfridd, og det blir god rørsle i midten av golvet. At den skulle kome så seint og vare så kort er synd. Men det må publikum ta på si kappe, for Fucales gjorde alt riktig i kveld.

Trass god prestasjon frå trioen er det ikkje å stikke under ein stol at det manglar ein trompet. Særleg i eit par låtar manglar lydbiletet eit blåseinnslag. Dette gjeld både i rolege og bråkete passasjar. Det må likevel understrekast at det er veldig sprekt av dei resterande tre medlemmane å stille og levere så sterkt denne kvelden. Eg får veldig lyst å sjå dei igjen neste gong dei speler i byn, fulltalige eller ikkje.

Høg energi frå Vepsestikk

Eg var lenge undrande på korleis det skulle gå å starte dobbeltkonserten med det mest energiske bandet, men all tvilen gjekk ut av meg då den andre konserten starta. Vepsestikk sparar ikkje på krutet, og går i gang med låta «Ny person», til publikummet si store glede. «Eg skal bli en ny person og ta plass i store rom» lyder teksten, og dei gjer nettopp det. Rommet er fylt av rein ungdommeleg rockeenergi, og eg blir engsteleg for golvet under oss.

Dei startar på ein slager, men nivået held seg vidare i repertoaret. Publikum er med heile vegen, og kvartetten speler jamt og godt gjennom både kjente og ukjente låtar. Når dei trør i gang med hitlåta «Anonym», blir vokalisten synleg overraska over at publikum syng med, som om ho ikkje er klar over at den har vore på spelelistene til halve studentbergen i snart eit år.

SVEITT: Det blei hett på Rommet

Også i den nye, meir rolege låta om å bli kyssa for første gong på Møhlenpris, held bandet nivået oppe. Elgitaren er erstatta med akustisk og stemninga går frå å vere tøff til å vere søt, men dei andre medlemmane tek ikkje pause av den grunn. Særleg trommeslagaren imponerer, då ho klarar å spele både teknisk og energisk over den søte songteksten, utan å overdrive. Vepsestikk er generelt gode på samspel, men her blir eg spesielt imponert.

Mot slutten er publikum så gira at det dannar seg ein ny pit, denne gongen større enn tidlegare. Etter å ha herja frå meg sit eg att med rein glede. «Ka faen» seier bergensaren til høgre for meg. «Ka i helvete» seier eg tilbake. Vi er begge forfjamsa over kor bra dette høyrest ut.

Fucales + Vepsestikk = sant!

Kven elskar vel ikkje eit ekstranummer? Du kjenner vel den kleine seansen der bandet går av scena og publikum ropar og ber om at dei skal komme opp igjen og spele ein låt til? Dette skjer sjølvsagt her òg, men denne gongen kjem faktisk begge banda opp att på scenen. Om dette ikkje hadde blitt avslørt midt i Vepsestikk-konserten så ville publikum gått av skaftet. Med totalt sju personar på scena går dei i gang med å spele Theme de Yoyo. Det er tydeleg at Fucales har fått kvilt seg og at Vepsestikk er slitne, og du merkar at dei speler betre kvar for seg, men det er likevel noko leikent med det heile. Innslag av bongotrommer og ymse anna perkusjon er med på å stadfeste det leikne uttrykket, og at såpass mange bandmedlemmar er med på vokal gjer det heile til ei svært sjarmerande avslutning.

TRAVELT: Mykje skjer på scena

Mot slutten av konserten, etter ei lang økt med dansing, synging og ein runde i pitten, er det heilt klart for meg at dette er det råaste som skjer i Bergen denne påskeferien. Det må vere, utan eit spor av tvil, den beste konserten eg har vore på i år.

Å gi dette ein anna karakter enn A blir useriøst.

Powered by Labrador CMS