Naken på kulturhuset

Korleis er det å bruke fredagen sin på å teikne ei naken dame og ei droide frå framtida?

AKT: Målarane er midt i akten, og modellen står akt
Publisert Sist oppdatert

I bybildet i dag ser vi godt kledde menneske og folk som unngår å sjå på kvarandre. Men her på Kulturhuset er det ikkje slik. Ikkje i kveld. Det er fredag og vi er på Drink & Draw, arrangert av Bergen Akt og Kroki. På programmet i kveld er det aktteikning.

KORLEIS ER DET LAGA?: Cosplaymodellen Sara har lagt ut prosessen med å lage kostymet på instagrambrukaren sin, @floofcosplay.

Lillesalen er fylt med menneske som skal teikne, og midt mellom dei er det to opphøgde podium der modellane skal stå. Persiennene er tatt ned ved alle vindauga. Ved inngangen er det ark, kolstiftar og andre teiknesaker som deltakarane kan forsyne seg av. Atmosfæren i rommet kan best beskrivast som forventningsfull. 

Temaet i kveld er «Sign of the Future». Ingen plass merker ein dette betre enn i lydbiletet. DJ Evy Gee sit ved miksebordet og speler elektronisk, sjangermiksande musikk, ein blanding av jazz, techno, salsa og austlege tonar.

Blant dei om lag 70 og 80 deltakarane finn vi kvinner og menn, unge og gamle, nye og erfarne teiknarar. Det er heilt klart meir vin enn øl rundt på borda. 

Arrangøren startar opplegget og introduserer oss for modellane. Det er to i kveld, ein aktmodell og ein cosplaymodell. Modellane blir presentert som «Carmen» og «Miku, an android who came from a future with no music». 

Tenkjer ikkje så mykje på at modellen er naken

Rommet blir roleg med ein gong teikninga startar. Etter ei stund er det berre lyden av kolstiftar og blyantar, i tillegg til det scenesettande musikksettet, som fyller rommet. Etter eit par minuttar gjev DJ-en eit lydsignal, og modellane endrar stilling. Teiknerunden varar i 25 minuttar. 

I pausen får modellane endeleg slappe av, og aktmodellen kler på seg. Musikken roar seg ned og blir meir avslappande og samtalevennleg. 

Studvest møter Aida Skarvatun og Anna Nore. Dei studerer høvesvis informatikk og psykologi. Anna har aldri vore på aktteikning før, men Aida seier ho har vore med fleire gonger. Likevel er dette arrangementet litt annleis enn ho er vant til. 

– Dette er meir «event» enn vanleg aktteikning, seier ho. 

IKKJE IN THE AKT: No poserar dei, men dei måla også. Frå venstre: Aida Skarvatun og Anna Nore.

Ho siktar til musikken og framtidstematikken. Dei teiknar begge modellane. Dei tenkjer ikkje så mykje på at den eine modellen er naken. 

– Men det er vanskeleg å teikne klede, seier dei. 

Deltakarane får ikkje mange minutt til å teikne før modellane bytar stilling, men Aida og Anna er samde om at tidspresset er bra. 

– Vi rekk ikkje vere så kritiske til oss sjølve.

– Eg fekk berre veldig lyst

Teiknedelen av arrangementet går mot slutten, og det er to rundar att. Den nest siste runden skal modellane sitje i same stilling i 20 minutt. Etter det skal dei bytte stilling kvart minutt, i fem minutt. Runden blir avslutta med takk og applaus til modellane. No skal teikningane visast fram. Vi får tak i aktmodellen til eit lite intervju.

– Velkommen, seier Carmen med eit smil. 

ULÆRT: Carmen tenkjer ut poseringa medan ho står der.

Vi sit på scenen midt i rommet. Scenen er dekt av tepper, og er overraskande grei å sitje på. Ho er ikkje lenger naken, men har fått på seg ei tynn kåpe og eit stort skjerf. Ho er ikkje kald, seier ho når vi spør.

– Korleis kjennest det no når du er ferdig? 

– Eg er sliten, men eg føler òg ei ro. Det er som å bestige noko.

– Og kva føler du når du står der oppe?

 – Eg føler på ein fridom og ei stillheit. Eg føler eg har mykje rom.

– Korleis starta du som aktmodell? 

– Ein dag så fekk eg berre veldig lyst, eg veit ikkje kvifor. Eg søkte rundt på nett, heilt til eg fant Bergen Akt og Kroki. Eg tok kontakt med Torild, så starta eg. No har eg halde på i 2 år.

Ho er ikkje aktmodell heile tida, men står modell litt her og litt der. Ho har nett vore i utlandet ei stund, seier ho.

 – Der stod eg modell ei veke i strekk.

Midt i intervjuet kjem ein av deltakarane bort for å vise ho kva han har laga. Modellen er synleg smigra av den rutinerte målaren sitt kunstverk. Han går vidare og vi held fram med praten.

KVALITET: Det var mykje høg kvalitet på teikningane då kvelden var ferdig.

– Er du nokon gong på andre sida? Er du kunstnarisk av deg? 

– Eg likar å teikne og måle, men eg har aldri aktteikna.

Ho seier òg at ho likar å danse, men det kunne vi strengt tatt sjå på dei elegante stillingane hennar.

– Har du øvd eller trent på desse stillingane?

– Nei, det har eg ikkje. Eg står og tenker ut neste stilling medan eg står der oppe.

Det verkar som at nakenheit ikkje eigentleg er eit tema på dette arrangementet. Det var ingen fnising i rommet, og det var ingen teikn til at nokon av deltakarane eller modellen sjølv var ukomfortable. 

– Kroppen er ikkje berre noko seksuelt, men det er heimen vår, seier Carmen.

– Det er viktig med litt «edge» 

Etter kvart får vi også prate med arrangøren, biletkunstnar Torild Stray. Ho har til og med fått tid til å teikne sjølv. 

– Korleis synes du det går så langt? 

– Eg er ganske nøgd. Det er kjekt å sjå at det er ei god blanding av nye og gamle fjes.

Stray og Bergen Akt og Kroki har haldt på med Drink & Draw på Kulturhuset sidan 2022.

 – Eg trur folk hadde eit behov for det etter pandemien.

RETT FRÅ NEW YORK: Biletkunstnar Torild Stray seier det er viktig med litt «edge».

– Korleis finn de modellar? 

– No for tida så er det dei som finn oss. Tidlegare hadde vi ein fast modell, men no vekslar vi mellom kvar gong. Vi har til og med ein eldre mann som står aktmodell for oss, men det er flest kvinner. Vi har òg eit par unge menn.

– Men det er ikkje så mange studentar? 

– Vi har nyleg starta med studentbillettar, men det er ikkje så mange enda.

–I kveld er det jo eit klart tema, er det alltid slik? 

– Vi hadde til dømes temaet Flower Power tidlegare, i samanheng med krigane i verda. Det er viktig med litt «edge».

– Edge? 

– Edge, ja. Eg finn ikkje det norske ordet. 

Stray har budd i New York dei siste 20 åra. Ho fortel at dette er det siste arrangementet på Kulturhuset, og at dei er å finne på Bergen Kjøtt framover.

I haugen med ark bak i lokalet er det både teikningar og måleri, og det er tydeleg at dette er eit arrangement for både amatørar, vidarekomne og ekspertar. Vi går ut av lokalet med ei nyvunne interesse for både teikning og menneskekroppen.

IKKJE BERRE SEKSUELL: – Kroppen er heimen vår, seier Carmen.
Powered by Labrador CMS