I
Studvest nummer seks i år går jussprofessor og arbeidarpartimann
Jan Fridthjof Bernt kraftig ut mot det han meiner er ei næringsretting
av drifta av høgare utdanning. Overgangen frå forvaltningsorgan
til særlovsselskap som Mjøs-utvalet anbefalte i 2000, men
som Giske ikkje torde fremja, vert framstilt som ein trussel
mot den akademiske fridom. Men for at ein skal få full institusjonell
autonomi er det vel også på tide å bryta styringsbanda med
staten, skriv Torstein Fjeldet Lunde, formann i Høyres Studenterforening
i Bergen.
Endringsfrykt blant sosialdemokratar
På 1980-talet søkte høgreregjeringar å gje universiteta
større grad av fridom. Dette vart det raskt ein slutt på når
Arbeidarpartiet igjen tok makta. Seinare har makta blitt tatt
tilbake til Departementet gjennom forskrifter og detaljstyring.
Etter at regjeringa Bondevik II og statsråd Clemet sette ned
Ryssdal-utvalet like før jul har debatten om organisering
fått ny vind i segla. Måten sosialdemokratane argumenterer
på får det til å sjå ut som om Noreg er belasta med eit totalt
styringsudyktig akademia og at vitskapleg tilsette er totalt
utan etikk og ryggrad.
Dagens organisasjonsform som forvaltningsorgan
med særlege fullmakter er det lengste sosialdemokratane i
Noreg gjennom tidene har strekt seg for å skilja politikk
og akademia. Gjennom historia ser ein at forsking har vorte
brukt som eit instrumentelt verkemiddel for å oppnå ynskt
samfunnsutvikling. Dette er eit syn som har gått på tvers
av ynska til radikale, liberale og konservative sjelar. Der
er styringsskiljet mellom forsking og politikk lagt som ei
viktig rettesnor.
Arbeidarpartiet og deira sverdslagarar har mellom
anna brukt organiseringa som eit forvaltningsorgan, og gjort
denne til sjølve styringsmekanismen. Slik har dei sikra at
storting og regjering ikkje berre kan styra ved å gje økonomisk
støtte og inngå avtalar med akademia - ein har også sørgja
for at staten har kunna pålegga å gjennomføra dei fag, dei
fagplanar, den dimensjonering og den økonomiske styringa som
politiske styresmakter til ei kvar tid har ynskt.
Jan Fridthjof Bernt seier i artikkelen «UiB
AS?» at: «..vi kan komme til å miste muligheten vi i dag har
til å styre norsk forsknings- og utdanningspolitikk.»
For det fyrste er dette eit særs politisk farga
argument. Det han klagar over er at Departementet mistar moglegheita
til å overstyra fagmiljøa. Faktum er at staten ikkje mistar
moglegheita til å verka inn. Det som vert teke frå dei er
den direkte moglegheita til å instruera i andre saker enn
det lova set rammer for. Staten kan uansett organisasjonsform
skyta inn øyremerka midlar for å ivareta fagområder av særleg
samfunns- og kulturmessig interesse. For det andre kan ein
like så godt vri det heile og seia at endeleg får akademia
moglegheita til å styra seg sjølve!
Det her er i grunnen eit spørsmål om kven ein
meiner er best eigna til å styra akademia - akademia sjølv
kor kunnskapen sit, eller politikarar som sit i Oslo og ikkje
er i nærleiken av den kjennskapen som akademia sjølv har.
Svaret skulle vel gje seg sjølv.
Høyres Studenterforening i Bergen vil likevel
seia seg samd med Jan Fridthjof Bernt i ein ting: Særlovsselskapsforma
er ikkje det ideelle. Det ein heller bør søkja mot er å opna
for organisering i stifting. Stiftingar er sjølveigande einingar
og kan dermed ikkje underleggjast statsråden si instruksjonsmyndigheit,
slik både forvaltningsorgan og særlovsselskap kan - i det
siste tilfellet ettersom staten ofte er eineeigar. I staden
spyttar staten inn ein stiftingskapital og institusjonane
vert oppretta som stiftingar etter stiftingslova. Staten kan
innverka på stiftinga gjennom fylkesmennene, som skal godkjenna
vedtekter og vedtektsendringar. Det vert også slik at Departementet
ikkje kan oppnemna eigne styremedlemer i stiftinga. I staden
vert det stiftinga som styrer seg sjølv. Dette gjev akademia
sjølv myndigheit til å ta makta. Kva meir kan ein be om? Små
fag og særlege forskingssatsingar kan staten framleis ivareta,
dersom akademia sjølv ikkje ser dei som interessante nok.
Dette kan gjerast både gjennom å setja vilkår for statlege
tilskot og ved å inngå kontraktar med stiftinga. Det er også
eit viktig moment at midlar som er i stiftinga ikkje kan bli
tatt ut som privat utbytte. Alle midlar vil koma akademia
til gode til framtidig drift!
Både Sverige og Finland er allereie offentlege
institusjonar organisert som stiftingar. Institusjonane sjølve
er godt nøgde. Stor autonomi og akademisk fridom er jo akkurat
det dei ynskjer seg. Einaste skår i gleda for svenskane er
at den sosialdemokratiske riksdagen prøver alt dei kan å stikka
kjeppar i hjula. Det er noko som gjer drifta meir ustabil
enn naudsynt i Sverige.
Vonleg vil Noreg snart følgja etter og vonleg
vil ikkje styringskåte sosialdemokratar få sjansen til å hindra
ei fornuftig utvikling. No står det att å sjå kva mot Ryssdal-utvalet
har. Å føreslå stifting som ny organisasjonsform vil vekka
ein stor debatt. Men den er det på høg tid vert tatt.
19.03.03
|