Det brenn på dass

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør
Under Næringslivssymposiet på Norges Handelshøgskule (NHH)
vart det førre veke lagt fram ein rapport om studentane ved
NHH, BI, Jus og NTNU. Der kjem det fram at 60 prosent av dei
reknar med å vere utbrende før dei fyller 40.
Vi visste frå før at studentane på dei tradisjonelle karrierestudia
har stort arbeidspress. Akkurat det skulle ikkje kome som
ei bombe på nokon av oss. Til dømes vart jusstudiet i Bergen
i si tid kåra til det nest hardaste studiet i Skandinavia.
Og likevel er det ikkje få av jusstudentane som gjeng rett
ut i arbeidsløyse, sjølv med svært gode karakterar. Slike
opplysingar skulle vere alarmerande for AS Norge, og tyde
på at vi allereie har eit alvorleg problem.
Betre vert det ikkje av at vi har ein klikk av toppleiarar
i dette landet som styrer etter teoriar som høyrer heime på
1930-talet. Spesielt i konkurranseutsett næringsliv. Når Almskog
seier at «Folk som må hente ungar i barnehagen har ingenting
i vår bedrift å gjere», strider det mot all moderne organisasjonsteori.
Og det ligg milevidt frå det ein lærer i organisasjonsfag
i dag. Der fokuserer ein på viktigheita av trivsel mellom
arbeidstakarane, velferdsgode, tilfredsheit i jobben, motivasjon
og viktigheita av å ikkje brenne ut folk. Det seier seg sjølv
at det er negativt for bedrifta å miste arbeidstakarar. Då
mistar bedrifta også all den kompetanse og erfaring, eller
den menneskelege kapital som denne personen sit på, og som
det tek lang tid å bygge opp. Dette er slikt som ein lærer
ved NHH no til dags. Difor er det påtakeleg at det er studentane
der, som etter utdanninga går ut i jobbane som har det største
hardkøyret. Det er framleis status i mange bedrifter å seie
at ein jobbar 60 timar i veka. I dette har næringslivet eit
problem som dei må rydde opp i. Det merkelege er at dei ikkje
i større grad ser dette sjølv.
Trenden i dagens arbeidsmarknad er at stadig fleire opplever
stort press på jobben og brenn seg ut. Men det er ikkje berre
bedriftene sitt problem, dei kan alltids halse framover i
same løypa og ansetje nye karrierehungrige jyplingar som er
villege til å ofre all si tid på jobben dei neste seks åra.
Men i den tøffe arbeidsmarknaden vi har i dag, med stor arbeidsløyse,
må også studentane jobbe endå hardare enn før, for å kjempe
om dei få jobbane som finst. I undersøkinga som vart lagt
fram i førre veke, kjem det også fram at fire av ti studentar
seier at dei føler seg utbrende allereie i dag.
Det som reddar ein arbeidstakar når han kollapsar, er at
han har støtteaparat som sjukelønsordniga og trygd som fangar
han opp. Når bedriftene spyttar han ut kan han trass alt forvente
nokonlunde same levestandard. Eit betimeleg spørsmål er: Kven
fangar opp studentane?
Og kva meiner du?
Studvest er i dag ei mangslungen avis med forskjellige typar
stoff og mange forskjellige typar lesarar. Det er ikkje meininga
at alle skal lese alt, men vi freistar å ha med noko for ei
kvar interesse.
Vi i redaksjonen ynskjer at Studvest også kan vere eit organ
for meiningsutvekslingar og til å belyse viktige tema i samtida.
Få stadar har ein så gode føresetnadar for å skape eit aktivt
miljø for debatt som det vi har i utdanningsmiljøet i Bergen.
Det sit enorme mengder kompetanse gøymt bort på kontor og
fakultet rundt omkring i byen. Mykje av denne kunnskapen vert
helst ytra rundt kantinebord, i hovudfagsoppgåver og på professorkontor,
sjølv om mange kunne ha nytte av å få del i den. Og kva skulle
vere meir naturleg enn at det gjeng føre seg i Studvest, som
universitetsavis og byens største studentmedium.
Vi i studvestredaksjonen ynskjer med dette å slå eit slag
for folkeopplysing og den offentlege debatt. Vi inviterer
lesarane til å skrive tekster av allmenn interesse, med låg
terskel men gjerne på fagleg grunnlag. Dersom vi ser at interessen
og responsen er tilstrekkeleg, vil vi freiste å halde ei fast
side med slikt materiale i tillegg til lesarbrevsidene våre.
Med dette er hansken kasta.
19.03.03
|