Førre semester innførte Lånekassen ei ny ordning med
månadlege stipend. Eit skår i gleda for hobby-spekulantar,
men til stor glede for utelivsbransjen.
 |
Endra drikkemønster. Kvarteret er ein av utestadane
som har merka stipend-omlegginga. Her ved skjenkeansvarleg
Marthe Lillefjære Andersen.
|
– Ein får ikkje det voldsame rushet dei to første vekene
i januar og september, men meir jamn flyt utover året,
seier dagleg leiar ved Garage, Henning Christensen. I
fjor haust endra Lånekassen rutinane for utbetaling av
studielån. Medan ein tidlegare fekk utbetalt heile summen
ved starten av semesteret, får ein etter den nye ordninga
pengar på kontoen den 15. kvar månad. Erfaringane til
Christensen ved Garage synes ikkje å vere unike. Ein ringerunde
til dei største student-utestadane i Bergen, syner at
studentane sitt drikkemønster har endra seg det siste
året.
Bølgjedalar
– Det er ei grei tid å drive i utelivsbransjen i Bergen,
men det går i bølgjedalar. Du kan trygt si at vi merkar
det er rolegare mot slutten av perioden, for så å auke
på igjen etter den 15. Det seier Ole Jørgensen ved News/Roofgarden.
Han meiner studentane no drikk jamnare utover semesteret,
men at studentkonsumet går i tydelege bølgjedalar før
og etter utbetalingane den 15. kvar månad.
Mindre grøftefyll
Også Hulen merkar Lånekassen si omlegging.
– Nå er det meir fordelt utover året. Det er meir «vanleg»
drikking, og mindre grøftefyll, samt at omsetninga er
jamnare, seier Andre Holt ved Hulen. Han er ikkje i tvil
om at drikkemønsteret har endra seg. Han fortel at utestaden
i fjellet under Høyden arbeider med ein intern statistikk,
mellom anna for å sjå påverknaden av månadlege stipend.
Han vil ikkje talfeste noko, men er godt nøgd på vegne
av Hulen.
– Vi har eit veldig bra program, og det verkar som om
studentane prioriterer å gå ut, avsluttar Holt. Klubben
i kjellaren på NHH er den billegaste skjenkestaden i vår
vesle undersøking. Trass i pils til 20 kroner, også i
Breiviken merkar ein at studentane går tom for pengar
før den 15. i månaden.
I grenselandet
Ei svensk studentundersøking lagt fram av Universitas
denne månaden, synte at kvar tredje mannlege, og kvar
femte kvinnelege student har så høgt alkoholforbruk at
dei risikerer å hamne på vassvogna. Representantane frå
vårt utvalde knippe bergenske vasshol, verkar tilsynelatande
avslappa til den svenske rus-rapporten.
– Dette er nok meir eit problem for utestader med eit
meir etablert og vakse klientell, seier Jørgensen ved
News/Roofgarden. Han legg vekt på at dei har stor gjennomtrekk
i kundemassen og at det difor er få såkalla stamgjester
som kjem dag etter dag. Heller ikkje ved Hulen og Garage
oppfattar ein dette som eit problem. Skjenkeansvarleg
ved Kvarteret, Marthe Lillefjære Andersen, er derimot
meir kritisk.
– Det er nok ein del som drikk litt for ofte, seier ho.
Ifølgje Andersen er Kvarteret ein utestad som har mange
faste gjengangarar i klientellet. Til liks med dei andre
utestadane merkar ein trykket rundt den 15. kvar månad
ved Kvarteret. Andersen avviser likevel at dei har hatt
auke i omsetnad som følgje av stipendordninga.