 |
Jernhestar. På Nøstet ligg Noregs største bruktsykkelbutikk.
|
Hugsar du draumen om ein Apache-sykkel med
antenne, speedometer, refleksbrikker og skytestreng mellom
eikene? Nostalgien kan bli din for nokre tusingar. På kjøpet
får du ei ditto retro-jakke. Og treng du berre ein sykkel
for nokre vårmånadar kan du leiga ein tohjuling for ein
billeg penge og levera den innatt når hausten sig på.
|
 |
Retrodraum. – Eg kan style også, gliser Tonny og
syner oss denne Apachen med alt ekstra.
|
Skrotnisse
I Nøstegaten 23-29 har Tonny Kolås bygd opp Noregs største
bruktsykkelbutikk på mindre enn eitt år. Her blir syklar
kjøpt, reparert og seld vidare for ein billig penge. Men
føretaket er meir enn berre butikk:
– Eg har alltid drøymd om å starta ei bedrift der eg kan
gjera noko bra for miljøet. Dette er miljøvern i praksis,
meiner Kolås. Han var opprinneleg kurshaldar i kost og ernæring,
men som ein gamal skrotnisse jakta han på bossfyllingar
og attvinningsstasjonar etter syklar som han pussa opp.
Då han annonserte etter brukte syklar i BA fekk han så mykje
respons at det heile utvikla seg. No er det ti tilsette
i bedrifta og han drøymer om å opna nye butikkar i Oslo
og Trondheim.
Personleg service
Skal du krusa rundt i bykjernen og visa deg fram? Bestiga
dei sju fjell på to hjul? Sykla frå Bergen og heim til mor
i Gudbrandsdalen? Tonny og hans medarbeidarar skreddarsyr
ein sykkel til deg tilpassa dine behov. Frå alt mellom 200
til 80.000 blanke kroner får du ein totalrenovert sykkel
med garanti. Tonny kan fortelja at den typiske studenten
mest av alt skal ha sykkelen billeg, men mange vil òg ha
ein stygg sykkel som ikkje blir stolen, eller ein sykkel
som står til klesstil og personlegdom.
– Me vil ikke berre ha kundar som er ute etter lav pris,
men kundar som støttar vårt miljøvenlege konsept. Eg trur
det bur ein idealist inne i oss alle dersom det blir lagt
til rette for det, seier Tonny.