Med kunnskap skal landet nedbyggast
Illustrasjon: MONICA TRONSTAD
Tekst: ØYVIND LEFDAL EIDSVIK
Dette er ikkje hemmeleg: Stadig fleire utdannar seg. Stadig fleire går på universitet og høgskule. Og stadig fleire blir ute av stand til å busette seg på små plassar. Der er det for vanskeleg å finne meiningsfulle jobbar.
Studvest denne veka: Tal frå Samordna opptak viser at søkertalet også i år har gått opp. Faktisk med åtte prosent sidan i fjor. Og igjen åtte prosent mellom i fjor og forfjor.
Alt i denne verda treng ikkje ha postadresse Oslo eller Bergen.
Studvest i førre veke: Tal frå Norsk institutt for studier av forsking og utdanning (NIFU) viser at det ikkje har vore verre å få arbeid relatert til utdanninga på aldri så lenge. Utdanningar som tidlegare har gitt jobb nesten like sikkert som banken, er plutseleg blitt til risikosport.
Frå EU og Utdanningsdepartementet har tonen lenge vore klar: Utdanningsløpa er gjennomgåande gjort kortare, slik at fleire skal bli sendt ut av massefabrikken til høgskulane og universiteta.
MINDRE TIL FLEIRE
Fleire blir utdanna og færre får relevant arbeid. Og verst går det ut over dei rurale områder, eller, om du vil, bygdenoreg. Problemet startar når dei stadig fleire godt utdanna skal ha jobb. Sett vekk frå skuleverk, kommunalt byråkrati og den lokale banken er utvalet meiningsfulle jobbar i bygdenoreg svært begrensa. Jobbane fins knapt i dei mellomstore byane. Berre i dei større byane er det eit godt utval av jobbar. Det vil seie, dei er ikkje ledige. Marknaden for dei gode stillingane er så hardt pressa at meterologar tar sektetærjobbar for erfaringas skuld. Men likevel: Jobbane er til stades i storbyane. Det er dei verken på Flisa eller Ringerike. Det er ikkje der høg kompetanse kjem til nytte.
Stigande søkartal og kortare studieløp er bra. Samfunnet treng alltid fleire godt utdanna menneskje. Utdanning er eit privilegium vi einstemmig unner oss som rikt land. Å avgrense talet på studentar er ikkje god business i eit demokrati og velferdssamfunn. Tvert om: Det hadde skapt rabalder, studentopprør og påstandar – til dels med god grunn – om fascistisk tankegods.
GLØYMT ANSVAR
Løysinga er altså ikkje å få færre studentar, sjølv om det nokon gongar kan kjennast som det beste. Kvifor, til dømes, utdanna du deg til arbeidslaus akademikar i staden for godt betalt elektrikar? Kvifor går du på universitetet, høgskulen eller handelshøgskulen når klassekameraten din frå ungdomsskulen no er ferdig med lærlingtida og tener betre enn du nokosinne vil gjere? Og kvifor har han full valfridom og kan bu kor han vil, når du ikkje kan?
Dette trengs: Nye næringar lagt til distrikta. Meir byråkrati flytta ut frå Oslo. Forskingsmiljø også på mindre plassar. Og særleg bedrifter som finn ut at dei kan vere desentraliserte, sjølv om dei skulle tene ti tusen kroner mindre. I for lang tid har store bedrifter gløymt at dei har samfunnsansvar også utanom profitten.
Kort sagt: Alt i denne verda treng ikkje ha postadresse Oslo eller Bergen. Det hadde vore kjekt å unngå eit bygdenoreg tappa for utdanna menneskje.
Nyhendejournalist i Studvest
12.05.04
|