Je suis ein språktjuv

På same måte som Siv Jensen stal urfolkskultur på haustfesten til Finansdepartementet i 2017, ville eg stele språk, skriv Nikolai Hagevold Krohne.

APROPOS: Nyhetsjournalist Nikolai Hagevold Krohne ønskte å bli ein språkleg kameleon.
Publisert Sist oppdatert

Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Som for så mange andre, kom ungdomsskulen som eit lite sjokk på meg.

Frå å gå på ein blendakvit skule med totalt 120 elevar, skulle eg plutseleg få minst like mange elevar på same trinn som meg etter dei fredfulle åra på barneskulen.  

Eg har gløymt mykje frå ungdomsskulen, men eg hugsar framleis dei fyrste møta mine med eit finurleg fenomen.

For då me utkantungane blei blanda i klasser med sentrumsfiffen, blei eg med jamne mellomrom vitne til noko eg verken hadde sett eller høyrt før.

Fleire av desse nye klassekameratane mine kunne slå over på dei merkelegaste språka.

Kvar gong dei fekk ein telefon frå foreldra sine, bar det rett ut på gangen og snakke eit eller anna utruleg fascinerande språk.

Du var heldig viss du fekk det med deg, for dette var visstnok heilt utruleg kleint.

Det syntest dei iallfall sjølve. Eg derimot – eg var offisielt frelst.

Frå den dag hadde det blitt mitt livs oppdrag å bli akkurat sånn: 

Ein språkleg kameleon.

Sidan då, har eg soge meg fast til kvar einaste mogelegheit eg har fått.

Medan dei fleste kastar nynorsken på sjøen etter russetida, gjekk eg frå å vere bokmålsguten som eg eigentleg er, til å bli Ivar Aasens fremste representant. 

Dessutan sit eg plutselig med 60 studiepoeng i fransk i bagasjen, og stadig alpelua på snei.

Kransekaka toppa seg likevel då eg fann ut av at kjærasten min er (trommevirvel…) kvart finsk.

Det kunne ikkje ha vore betre.

Kanskje er eg meir stolt over at han er finsk, enn det han er sjølv – men det gjer vel ikkje så mykje?

Draumen frå ungdomsskulen må seiast å ha gått i oppfylling. 

Au revoir og hyvään päivänjatkoa!

Powered by Labrador CMS