Med sikte på å samle sine beste sider i éin antologi, fekk studentane ved Skrivekunstakademiet samstundes fram sine verste. Triggaren: Avsnitt, innrykk og kommaplassering.
– Det vart mange diskusjonar att og fram om ting som komma. Etterkvart fann eg ut at det var lurt å ringje Eirik, den andre korrekturlesaren, på søndags morgon. Då fekk eg som regel gjennomslag for endringane mine, flirer redaktør Kjersti Annesdatter Skomsvold.
Antologien er eit årleg prosjekt der studentane sjølve fyller oppgåva både som bokredaksjon og forfattarar.
NORSKLÆRARAR NESTE
Då diskusjonen om avsnitt og innrykk var på det varmaste, utbryt ein av forfatterspirene: «Endeleg! Vi har gått og irritert oss over kvarandre i eitt år. No kjem det omsider til overflata.» Noko som òg Språkrådet fekk ein bit av.
– Då vi sendte nokre tekstutdrag for å få svar på eit spørsmål, fekk vi til svar at det var utruleg at ein lærestad som Skrivekunstakademiet ikkje visste betre, forklarar redaktøren.
– No har vi vorte så drilla på språk at vi glatt kan verte norsklærarar, spøkjer Eirik Wixøe Svela som har vore med på den mest iherdige språkrøktinga.
NOKO FOR ALLE
Boka skal, i tillegg til å vere eit handfast produkt til slekt og vener, vere med på promotere dei spirande forfattarar opp i mot forlag. Millan Persdotter Persson ser fordelane med framgangsmåten.
– Det er godt å kunne vise fram eit ferdig produkt og ikkje berre ein eksamen, seier ho.
Redaktør Annesdatter Skomsvold meiner boka er på høgde med litteratur frå andre forlag, og at dei tolv ulike forteljarstemmene gjer at det burde vere noko for ein kvar.
– Det har vore ein kritikk av skrivestudium at studentane endar opp med å skrive likt. Boka vår meiner vi er provet på det motsette, med mykje forskjelleg.
I MÅL
Boka har dei tolv studentane arbeidd med sidan etter jul og vert gitt ut på Fagbokforlaget. Onsdag inviterer dei til sleppefest på Café Opera, der det i tillegg til høgtlesing vert tale med Olaug Nilssen. Forfattar og lærar ved Skrivekunstakademiet.
– Og prisen tilsvarar under ei krone per side, reklamerer Persdotter Persson, og held fram:
– Det er tre store arrangement for tida: Det er Nattjazz, Festspela og oss. Eg håper sjølvsagt at folk vel å prioritere sleppefesten vår.