I ei pressemelding frå Kultur- og kyrkjedepartementet førre veke vart det klart at studentradioen i Trondheim, Radio Revolt, etter nyttår står utan 24-timars lokalradiokonsesjon. Ansvarleg redaktør i Studentradioen i Bergen (SRIB), Øyvind Lysebo Ekelund, har medkjensle med trønderane.
– Ansvarleg redaktør i studentradioen der er oppgitt no. Dette er utruleg trist, og trass i at formelle klagemoglegheiter gjerne er oppbrukte, må vi likevel få oppmerksemd rundt saka, seier Ekelund.
– SURR OG LøGNER
Radio Revolt har ei 25 år lang historie, nye lokale og hadde drive med 24-timars konsesjon sidan nyåret 2009. At konsesjonen deira no vert tatt tilbake er utfallet av lange sakshandsamingar. Rotet med tildelingar av radiokonsesjonar er noko Studentradioen i Bergen sjølve fekk føle tidlegare i år.
– Ikkje berre avgjerda er dårleg. Også sjølve prosessen er kritikkverdig. Det er den dårlegaste sakshandsaminga eg har opplevd - prega av surr, brotne løfter, løgner og utsetjingar, seier Ekelund.
Norsk Lokalradioforbund vurderer å be om gransking av prosessen:
– Dette har vore ei lidingshistorie på snart to år. På neste styremøte vil vi vurdere om vi skal be Sivilombodsmannen om ei gransking, seier styreleiar Vigleik Brekke.
SVEKKA MANGFALD
Studentradioen har hatt sendingar på konsesjonen til NRK Klassisk, men då departementet 26. november i fjor oppheva Medetilsynet si konsesjonsutdeling vart dei på ny konkurrentar med Radio 1 om sendetida.
I utlysingsteksten til konsesjonen vart det lagt vekt på lokalt innhald, tilstadevere og eigarmessig mangfald. Radio 1 vart etter mykje fram og tilbake tildelt konsesjonen, av di dei kunne tilby 19 minutt meir lokalt innhald.
– Sjokk. Vantru. Skandale! Du kan velje det verste ordet i ordboka for å vise kva vi føler no, seier tidlegare ansvarleg redaktør i Radio Revolt, Sverre Torp Solberg, som skreiv søknadane til Medietilsynet.
– Radiomangfaldet vert svekkje når ein gir konsesjonen til radiokanalar med store kommersielle eigarar.
Brekke i lokalradioforbundet vil ikkje kommentere avgjerdsgrunnlaget i konkrete saker, men også han er kritisk til at store kommersielle eigarar stikk av med lokalradiokonsesjonane:
– Det nye konsesjonsregimet fører til eit system som ber preg av å vere ein anbodskonkurranse meir enn ei avgjerd bygd på skjønn.
Studvest lukkast måndag og tysdag ikkje å få tak i nokon frå Kultur- og kyrkjedepartementet.
FOR MANGE FOLK
I likskap med Studentradioen i Bergen, har Radio Revolt utvida redaksjonen i takt med utviding av sendetidene. Utan høve til 24-timarssendingar, vert det vanskeleg å gi jobb til dei omlag 100 studentane:
– Det er ikkje arbeidsgrunnlag til alle på ein nisjeradiokonsesjon. Alternativet må då vere webradio, seier Solberg.
I tillegg til at Radio Revolt no går gjennom vedtaket med advokat, er meir folkelege framgangsmåtar som ein underskriftskampanje på Facebook. Etter ei knapp veke har gruppa allereie over 3000 tilhengjarar.
– Det skal vel mykje til for at dette i seg sjølv skal endre noko, men vi må skape blest rundt saka og oppfordrar folk til å melde seg på, seier Ekelund.