– Av og til er det som å halde orden på ein liten barnehage.
Regissør Morten Oftedahl Sjøthun høyrest litt frustrert ut midt mellom to prøvegjennomgangar.
– Folk skal organiserast, og me har jo ikkje peiling på sminke og kostymer og slikt, så det er mange ting å få rede på no før premièren. Det er slitsomt. Men fyrst og fremst utruleg kjekt.
Sjøthun og kameraten Jon Sigve Skard har etterkvart lang fartstid både i Bergen og Immaturus. I vår hadde dei eigentleg tenkt å flytta på seg. Stikka til hovudstaden, eller noko slikt. Men dei sju fjell er høge og fengslande, og dei fann seg sjølve på leiting etter ein grunn til å verta verande.
– Så viste det seg at det ikkje var nokon som hadde levert inn forslag til hovudoppsetjing for Immaturus denne hausten. «Det er for gale», tenkte me, og der hadde me grunnen vår til å verta verande.
NY VRI
Neste steg var å setje seg ned og lese gjennom ei røys med manus. Lars Saabye-Christensen sin versjon av Dracula-historia var ein umiddelbar favoritt.
– Me var på utkikk etter noko folk kjende på førehand, men med ei ny vinkling, ein ny vri. Det har Saabye-Christensen klart med dette manuset. Det vil verkeleg by på ei ny oppleving for dei som kjenner historia, seier Sjøthun.
– Her er mykje større fokus på sjølve personane enn i dei klassiske Dracula-versjonane. Dei fire hovudkarakterane er to par som via forretningar vert involvert i Grev Dracul sitt liv. Dei er alle vakre og vellukka menneske, med gode forutsetningar for å leva eit lukkeleg liv. Men dette vert rive vekk frå dei i møte med noko ukjent, skremmande.
NEDSTRIPPA GREVE
Sjølv om dei har vore involvert i Immaturus lenge, er både Sjøthun og Skard nye som regissørar.
– Mange trur at det er noko heilt annleis og forskjellig å vera regissør, men sjølv føler eg det ikkje slik. Ein jobbar fortsatt med eit konkret stykke, med å få heilheiten fram til eit felles mål. Langt dei fleste skodespelarane er også nye. Berre to av dei har vore med på noko slikt før, seier Sjøthun.
Scenografien har i dei siste Immaturusoppsetjingane vore svært nedstrippa. Dette fungerte bra på det nevrotiske «Prosessen», men kan ein fargerik, dekadent karakter som Grev Dracul passa i ein slik setting?
– Når ein seier Dracula, ser nok mange for seg noko victoriansk, pompøst, med mykje staffasje. Me brukar derimot eit svært enkelt sceneoppsett, slik som fleire av dei siste års produksjonar har hatt. Det som derimot skiljer dette stykket litt ut, er at det skjer så mykje heile tida. Alle dei fire karakterane utviklar seg kontinuerleg gjennom stykket, og endar opp som noko anna enn det dei var.