Om Immaturus verkeleg er 15 år, er ikkje sikkert. Dagens teatersjef, Mari Grundnes Paus (22) er sjølve ikkje sikker på kor gamalt teateret eigentleg er.
– Me veit ikkje heilt om Immaturus vart stifta i 1992 eller 1993. På den tida hadde ikkje teateret ein organisasjon og eit styre, som i dag. Då sette ein berre opp forestillingar. Men for fem år sidan feira Immaturus 10 år, det er det me går etter, seier ho med eit smil.
Laurdag var det bankett for medlemmane, om lag 100 i talet. Dei er fordelte på ulike grupper etter teatralske interesser. Søndag var det så klart for fest på Kamelon, der m.a. teatersportgruppa fekk vist sine kunster for eit opent publikum.
MEIR SPANANDE MED DET UKJENDE
Ifølge deira eige nettstad, skal Immaturus «bringe teater til folket, og folket er først og fremst studentene i Bergen». Trass dette ynskjer ikkje Immaturus å vere et typisk studentteater. Teateret har etter kvart blitt kjend for å sette opp forestillingar få har høyrt om, eller sett.
– Stykka handlar om visjonar, seier teatersjef Paus.
– Me ynskjer å vere ei motvekt til dei andre teatra i byen. Den Nationale Scene speler meir publikumsvenlege og trygge stykke. Det er meir spanande å sette opp noko som ikkje mange har sett, seier ho.
Sjølv om teateret no feirar 15 vellukka år i Bergen, er ikkje tilværet problemfritt.
– Me har problem fordi me må spele på ei dårleg scene som ikkje er laga for teater. Det er generelt eit problem i Bergen å få tak i rom til teater. Dette håper me skal betre seg, då det skal byggjast ei black box-scene på Kvarteret i forbinding med utvidinga deira, seier Paus.
Men det er ikkje bare ein ny scene Paus ynskjer seg for framtida.
– Eg håper at me i løpet av dei neste åra vil få betre samarbeid med dei andre studentteatra, at fleire høyrer om Immaturus samt at me får sette opp enda større og fleire forestillingar.
– UTRULEG BRA!
Teatersportgruppa viste seg å vere et populært innslag på festen. Teatersport er ein teaterform kor publikum er særs delaktig, noko som såg ut til å falle i smak.
– Dette var utruleg bra! sa Ann Kristin Barka (22) til studvest etter forestillingen. Trass at dette var første forestillinga ho såg frå Immaturus, var ho særs nøgd.
– Dette gav meirsmak. Dei ser ut til å ha det særs gøy på scena, og det er viktig, meinte ho.
Det å ha det gøy på scena gjeld heile Immaturus ifølge teatersjef Paus.
– Ulikt frå andre teatergrupper der folk vert henta inn for å vere til dømes berre skodespelarar, gjer me i Immaturus alt. I ein produksjon står ein på scena, i ein anna gjer ein noko heilt ulikt. Eg tykkjer folk er flinke til å halde det oppe. Trass jobbing i 12-14 timar per dag, vil dei berre ha meir, seier ein nøgd sjef.
Neste forestilling frå Immaturus er Top Girls. Stykket er skreve av Caryl Churchill og omsett av Else Michelet. Top Girls har premiere 11. november.