Fredag heldt Linn Søvik føredrag om film- og datafenomenet machinima på Landmark. Skreddarsydd attåt illustrerande videoklypp, fekk oppmøtte eit innblikk i kva ein i framtida kanskje kan oppleve i bergenske kinosalar.
ETTERLYSER FILMSKAPARAR
– Eg vil at folk skal få auga opp for at det ikkje berre er negative sider ved dataspel. At det kan kome noko positivt ut av det, grunngjev Søvik.
Føredraget tok ho heile to månader å førebu. Mykje av arbeidet gjekk med til å leite fram videomateriale. Sjølv om ho sjølv ikkje kan stadfeste at der er eit stort miljø for machinima i Bergen, er ho freista til å få i gang andre datamanske film-tilstellingar.
Eg vil at folk skal få auga opp for at det ikkje berre er negative sider ved dataspel.
– Dei avgrensa moglegheitene til å lage film i spel er ein av dei faktorane som gjer machinima-filmar så fascinerande, forklarar ho, medan ho etterlyser kontakt med lokale filmskaparar i denne sjangeren.
– For å lage slike filmar må ein kunne eit spel veldig godt. Eg likar å berre sitte å sjå på andre som spelar, og ikkje å delta sjølv.
MASKIN-KINO
Oppstarten til den nye film-genren vart vidareutvikla frå små videosnuttar som dataspelarane kunne ta opp under spelet. Funksjonen er tilrettelagd slik at spelar kan vise innspelte «da capo» av korleis dei vann fram i spelet.
– Ordet «Machinima» kjem frå dei engelske orda «machine» og «cinema». Men som med det meste på internett, vart ordet feilstava. Derimot var det fleire som meinte omgrepet ikkje var så dumt, sidan det då såg ut til å inkludere ordet animasjon, seier Linn Søvik.
Den unge filmsjangeren dukka opp rundt 1994. Då hovudsakleg gjennom kjende spel som «Quake» og «Doom». Dei mest brukte film-råmene er i desse dagar plukka frå kjende «The Sims» og «World of Warcraft».
DRAMA
Machinima har gjeve den vanlege, speleglade, naboguten høve til å verte regissør i si eiga stove. I staden for å måtte skrape saman pengar til dyrt utstyr, samt måtte lære seg animasjon, vert det heile gjennomført via eit dataspel dei har frå før av.
– Filmane der dei har laga eigen musikk, dansekoreografi og historie vil eg hevde er ei ny form for kunst. I machinima er det utruleg mykje drama, avsluttar Søvig.