Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Kulturnotisar nr 27


Tekst: JANNE G. SØRGULEN

LEGGER NED STUDENTRADIO

Tysdag fekk studentradioen i Trondheim, Radio Revolt, meldinga i frå Kultur- og kyrkjedepartementet som tyder kroken på døra for radiobølgjene. Ein frekvens som tidlegare var forbeholdt NRK Klassisk, vart etter ei ny konsesjonsrunde tildelt Radio Revolt. SBS Radio (Radio 1/Radio Norge) klaga tildelinga til Medietilsynet. No gir Kulturdepartementet likevel frekvensen til SBS. «Vi reagerer med sjokk og vantro. Det er forferdelig trist at det siste Giske gjør som kulturminister er å slå kjepper i hjulene for studentradioen i sin egen hjemby», seier ansvarleg redaktør Sjur Sandgrind i ei pressemelding. Radioen mistar sendetida frå og med 1. januar 2010.

KRITIKKVERDIGE ARBEIDSFORHOLD

Studentane utgjer ein stor del av arbeidsstokken i utelivsbransjen – og endar gjerne opp med dei dårlegaste arbeidsforholda. Utan arbeidskontrakt. Utan overtids- og helgetillegg. Student Marta Bergseng har tidlegare vore tilsett ved fleire kaféar i Trondheim. – Det er vanleg å jobbe utan kontrakt, noko som fører til at ein mister alle rettar og kan verte sagt opp på dagen, seier ho til Under Dusken. Forholda gir LO og fagforeiningane mest hovudbry. – Det er heilt klart der vi finn flest brot på arbeidsmiljølova, seier ungomdssekretær i Sør-Trøndelag LO, Per Olav Skurdal Hopsø.

KINO FOR BLINDE

Bergen og filmen «Vegas» kan no skryte på seg å vere først ute med synstolking. Med andre ord: At det vert lagt på eit lydspor der ei forteljarrøyst forklarar kva som skjer. Lydsporet kjem i tilegg til replikkar og lydeffektar, og gjer det mogleg for blinde å gå på kino. Det er BIFF og bransjeorganisasjonen Film & Kino som har samarbeidd om framsyninga på Bergen Kino, melder Bergens Tidende.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE