– Som studentar er vi i ein læringsprosess der filmspråket er veldig overtydeleg, og filmprosjekt som utelukkande behandlar alvorlege tema vil gjerne verte svært pretensiøse, meiner Stian Hafstad.
Han studerer regi på Columbia University i New York og er tidlegare student ved film- og TV-produksjonslinja på Universitetet i Bergen (UiB). Hafstad innrømmer at han føler eit press mot alltid å måtte ha eit ironisk distansert syn på det ein engasjerer seg i, og at det difor kjennest krevjande å gyve laus på alvorlege tema.
– Eg kjenner meg som del av ein generasjon der ironi og sarkasme er standardisert og gjer det vanskeleg å stå inne for noko med kropp og sjel, forklarer den utvandra registudenten.
Jarl Omestad er på siste semester av bachelorprogrammet i film- og TV-produksjon ved UiB. I haust vart tre av manuskripta til dei femten studentane i kullet stemt fram til gjennomføring, men dei moralske tema vart liggjande tilbake på bordet.
– I bunken låg det film- og dokumentarmanus med tema som valdtekt og eldreomsorg, men dei tre som vart vald inneheld mest komikk. Det trur eg kjem av at fallhøgda er så stor når ein skal drøfte viktige og alvorlege spørsmål, seier Omestad.
Andreårsstudentane ved film- og TV-studiet, som no kan vere halvvegs mot eit tilvere som filmskaparar, laga førre semester reportasjar med samfunnsaktuelle og alvorstunge tema.
– Verknader av 22. juli og kommunevalkampen var mellom dei emna som vart tekne opp, fortel Christian Fredrik Mikkelsen, filmstudent og engasjert i Bergen Student-TV.
— Det var både spanande og utfordrande å jobbe å jobbe med slike tema, synest Mikkelsen, som likevel ønskjer å drive med komikk i framtida.
Regissør og manusforfattar Arne Berggren, no aktuell som jurymedlem i filmkonkurransen «Ditt 2062», søkjer unge filmskaparar som tør ta for seg dei store spørsmåla.
– Norsk kulturliv er blotta for moral, og ein må hindre at filmstudentane vert øydelagde av det, sa Berggren til Aftenposten den 10. januar.
Studentane forstår tankegangen til Berggren, men synest ikkje han presenterer eit nyansert bilete av norsk kulturliv og filmindustri.
– Det er ikkje slik at ingen norske produksjonar tek for seg dei store spørsmåla. Det går fint an å kombinere underhaldning med meir alvorlege emne, slik som Joachim Trier for eksempel gjer med «Reprise», seier Stian Hafstad og viser til Noregs Oscar-kandidat i 2006.
– Eit spørsmål å stille er kva ein ønskjer å forandre med filmen sin. Trier har bevist at det er mogleg å ta opp alvorlege spørsmål i underhaldande produksjonar, seier Jarl Omestad.
Han har inntrykk av at det same gjeld for filmmanus som med rocketekstar – at det som blir kleint og klamt på norsk langt på veg er enklare å svelgje på engelsk.
– Ein kan undre korleis «The Tree of Life» hadde vorte motteke om den var ein norsk produksjon, seier Jarl Omestad med det amerikanske familiedramaet, produsert i 2011, i tankane.
– Det kan fort bli kleint dersom ein prøver å seie noko stort om verda og samfunnet. Men det ein strevar etter og som gjerne er nødvendig for å lage ein god underhaldningsfilm, er å finne ei emosjonell kjerne i historia som publikum kan relatere til. Og dette veks jo som regel ut av noko som i prinsippet er alvorleg, påpeikar Hafstad.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.