Vi som drikk alkoholen og besøker skjenkestadene må gå i oss sjølv. Det er vi som må skjerpe oss.
Debatten har rast den siste veka om helgefyll og bråk i Bergen sentrum, særleg i helgane. Bergens Tidende kunne onsdag vidareformidle skjenkekontrollør Linn Helen Trones sitt fråsegn om at Bergen er ein dyrehage i helgane grunna bråk og alkoholrelaterte skader. Ifølgje Kontoret for skjenkesaker si kontrollverksemd er det utestadene som er problemet.
Seksjonsleiar for politiets ordensavdeling, Bengt Angeltvedt, veit råd. Saman med Kontor for skjenkesaker lagar dei no ein handlingsplan for å bukt med bråket. Eitt av tiltaka er å sende uniformerte politifolk inn på skjenkestader på kveldstid. Målet er ifølgje Angeltvedt færre overstadig rusa menneske i gatene natterstid. Han seier: – Vi vil vise oss på utestadene tidlegare på kvelden. Dersom skjenkereglane blir brotne, får det konsekvensar.
Men rota til problemet finn vi ikkje inne på utestadane. Dei avlastar bydelane for bråk, og tvingar alle som vil inn til militær disiplin. Dei får rusa menneske til å stille seg på rekkje og rad, og dei syt for at legitimasjon og tilstand til gjestene blir kontrollert. Vel inne blir personar som tilsynelatande er for rusa nekta meir alkohol og i verste fall kasta ut.
Trones, som har ansvar for 32 skjenkekontrollørar i byen, set utestadene i samband med køane på legevakta, som oppstår delvis grunna blind vald etter alkohol. Som eit svar på dette, blir det føreslått tidlegare stengetid. Men som bransjesjef for reiseliv i NHO, Wenche Salthella, poengterer, skjer ikkje denne valden på utestadane. Tvert imot gir utestadene dei som kjenner det rykkje i knyttneven noko anna å henge fingrane i dei timane det er ope. Då nyttar det ikkje å stengje ein time tidlegare.
Lovregulering kan derfor verke mot siktemålet, slik det har vist seg her i Bergen. I fjor valde 20 kommunar å føreta ei innstramming av skjenketider for å førebyggje alkoholrelatert vald. I byar som Hamar og Trondheim blei det rapportert om nedgang i valdstilfelle, medan det i Bergen blei meldt om ei drastisk auke i grov vald.
Høgskulen i Bergen har òg sett seg nøydd til å innføre fleire restriksjonar i fadderveka. Ikkje bare på grunn av alkoholrelaterte skader, men òg for å inkludere dei som ikkje drikk, har skulen lagt opp til eit alkoholfokusfritt program i vekedagane. Med dette er vi inne på noko av kjernen til løysinga. Det er viktig å få alle til å trivast, men det nye programmet hadde ikkje vore nødvendig dersom dei som drakk sjølv hadde vore meir opne overfor dei som ikkje drakk. Ikkje i form av innleiingsspørsmål som «drikk du ikkje?», men ved å bruke frimodet som alkoholen gir til å ta initiativ for å bli kjende.
Hadde vi klart å inkludere dei som ikkje drikk, kunne kanskje dei fungert som dyretemjarar i Trones' dyrehage. Dei treng ikkje å vere lovens lange arm og moralens peikefinger, men dei kan medverke til å roe gemyttane når det trengst.
Eg stadfestar det openbare. Vi har eit ansvar sjølv om vi ikkje syng høgast på nachspiel, sloss eller frys ut han som ikkje drikk i faddergruppa. Jo fleire edru ute, jo rolegare blir det, og dermed minkar behovet for lovar og reglar. Hadde vi vore meir medvitne på dette, hadde vi kanskje ikkje trengd stadig strengare reglar, og dyreparken i Bergen hadde blitt ein triveleg stad å vere, for alle.
Alice Tegle er nyhendejournalist i Studvest.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.