Ved Det humanistiske fakultet (HF) er berre 21 av totalt 133 eksamenar inneverande semester heimeeksamenar. For Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) er talet 19 av 130.
Leiar i Studentparlamentet ved UiB, Synnøve Mjeldheim Skaar, er ikkje fornøgd med situasjonen. Ho meiner at heimeeksamen ofte er betre enn skuleksamen fordi det speglar kandidaten sine emner på ein betre måte.
– Det å få ei utfordring du skal løyse med faglitteratur og bruk av internett er ein mykje meir realistisk situasjon i forhold til framtidige utfordringar i arbeidslivet, seier ho.
– Eksamen er ekstremt viktig for kva som skjer vidare med studentane og det bør leggast opp til at kunnskapen din blir testa på den mest hensiktsmessige måten.
ØKONOMISKE OMSYN
Etter det Studvest erfarer veg omsynet til økonomi ofte tungt i avveginga. Det er fagmiljøa sjølve som bestem eksamensform for kvart enkelt emne, og som må bere kostnadane i samband med løning av sensorar. Utgifter ved leige av eksamenslokaler og eksamensvakter blir dekt sentralt.
Ifølgje økonomiavdelinga ved UiB reknar ein med 0,6 timar sensur per besvarelse for ein firetimars skuleeksamen og to timar for ein heimeeksamen. Dette tyder at ein kan spare store delar av utgiftene til løning av sensorar ved å nytte skule- istaden for heimeeksamen.
Ronald Worley, seksjonssjef ved studieavdelinga på HF, er einig i at val av vurderingsform ideelt sett bør vere eit fagleg spørsmål, men påpeikar at den økonomiske situasjonen av og til gjer det naudsynt å kutte enkelte stader.
– I ein periode med stram økonomi må ein sjå på forskjellige måtar å redusere dei utgiftene ein har, og dette er ein måte å gjere det på, seier han.
– Det handlar om å finne ein god balanse mellom vurderingsformene, mellom kostnadar og kvalitet.
INGA DETALJSTYRING
Mjeldheim Skaar er derimot klar på at økonomiske omsyn ikkje bør vere styrande for val av eksamensform.
– Det bør alltid vere omsynet til kva som er mest hensiktsmessig fagleg som veg tyngst, seier ho, og legg til at dette er noko Studentparlamentet vil jobbe vidare med.
Noko overordna føringar for val av vurderingsform har ikkje seksjonssjefen ved HF trua på.
– Vi har så mange ulike fag at vi kan ikkje gå inn og detaljstyre dette, seier Worley, og legg til at skuleeksamen som vurderingsform ikkje naudsynleg alltid er dårlegare enn heimeeksamen.
– Mitt prinsipielle synspunkt vil vere at det er viktig å ha ein balanse her, at ein ikkje låser seg til berre ei vurderingsform, seier han.