– Der det har stått mellom to prosjekt har vi valt å gå inn for prosjekt der studentane har meldt inn behov og vist engasjement, seier fagpolitisk ansvarlig i Norsk Studentunion (NSU) Bergen, Christian Bjerke, som har vore med på å fordele midlane.
FÅR MEST
Universitetsstyret har mellom anna valt å fordele 600 000 kroner til opprusting av lesesalen «Hangaren» på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (Mat.nat.).
– Det er jo kjempeflott, seier student i petroleumsteknologi, Lene Øygarden, som les på Hangaren.
– Standarden her er ikkje god akkurat, seier biologistudent Alexander Rønnevik.
– Og så er det alt for få kontakter til datamaskiner, legg kameraten Eirik Straume Normann til.
Studentar ved Det humanistiske fakultet (HF) får også glede av pengefordelinga. Av dei to millionane går 400 000 kroner til lesesalen i 4. etasje på Sydneshaugen skule.
– Vi er veldig fornøgde med at vi har fått ein stor del av potten på to millionar, men samtidig trengs det mykje meir for å oppgradere både rommet i 4. etasje og resten av skulen, seier leiar for Studentutvalet ved HF, Kjartan Pedersen.
STUDENTHUSET HAUKELAND
Studenthuset Haukeland ved Det medisinsk-odontologiske fakultet sendte inn ein detaljert søknad om dei dårlege tilhøva. Dei får no 250 000 kroner til å ruste opp for.
– Vi har prøvd å få til ei forbetring i lang tid, og også fått avslag om midlar frå Universitetet, så dette sett vi skikkelig pris på, seier Kenneth Idsøe.
Han fortel at pengane mellom anna vil gå til eit opphaldsrom i 1. etasje samt oppussing av nedslitte kollokvierom.
SØKTE IKKJE MIDLAR
Studentutvalet ved Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) søkte ikkje om midlar frå lesesalspotten. Leiar av Studentutvalet ved SV, Synnøve Skaar, er usikker på om dette var ei rett vurdering.
– Vi fekk 350 000 kroner over årets budsjett. Dette brukar vi no til å bytte ut alle stolar og lampar på Ulrike Pihls hus og Sofie Lindstrøms hus. Sidan ein ikkje kan søke om forbetring av toaletta gjennom desse midlane, valte vi å ikkje søkje, seier ho.
– Vi burde nok ha søkt om pengar til å bytte ut gardinene på U. Pihl, legg Skaar til.
NETT TIL ALLE
Universitetsstyret har også sett av 300 000 kroner til trådlaust nettverk på alle lesesalar. Christian Bjerke meiner trådlaust nettverk er viktig om ein ynskjer ei heilheitleg tilnærming til læringsmiljøet.
– Ein lesesalsplass er ein arbeidsplass, då bør det i det minste vere internett der. Noko anna er tullete, meiner han.
Bjerke er glad for at Universitetet har lytta til studentane i denne saka.
– Det er eit viktig signal at Universitetet vel å prioritere læringstiltak til studentane, seier han.