Universitas skreiv førre veke om at Det norske studentersamfund (DNS) i Oslo har fremma eit forslag om å kompensere frivillige verv med studiepoeng, og opprette eit fag som kan gå parallelt med vervet.
Kuvvet Atakan, viserektor for utdanning, seier at dei ikkje går i den retninga ved Universitetet i Bergen (UiB). Forslaget blei reist av studentane for eitt år sidan, men det blei ikkje følgt opp av fagutvala fordi det ikkje var nok grunnlag.
– Det er sjølvsagt ein fin tankegang, men det er vanskeleg å finne fag som passar for alle typar leiarverv, seier Atakan, og peikar på det faglege i stillingane.
– Det faglege nivået er ulikt, og utdanningsløpet vil variere ut i frå kva type verv det er snakk om, forklarer han.
Line Møllerop, leiar for Bergensstudentens Allianseidrettslag (BSI), meiner forslaget er ein god idé fordi det kan hjelpe på rekrutteringa.
– I BSI manglar vi til dømes kasserar, og det vil nok vere mykje enklare å få folk med om ein kan kombinere det med studiepoeng, seier ho.
Ho ser for seg at eit tverrfagleg opplegg kunne fungert, og gjerne noko innan administrasjon eller økonomi.
– Eg tar sjølv ein tverrfagleg master med eit samarbeid mellom HF, SV, jus og Mat.Nat., så har ein nok vilje, kunne forslaget fungert, seier ho.
Livar Bergheim, læringsmiljøansvarleg Studentparlamentet ved UiB, fortel at dette ikkje er noko dei vil jobbe med dette semesteret.
– Vi har ikkje konkrete planar no, men saka er sjølvsagt aktuell, seier han.
Bergheim peikar på at noko av poenget med å ha slike verv er at dei skal vere frivillege, og at med det nye forslaget må ein spør seg kor motivasjonen for å ta på seg slike verv skal liggje.
– Skal studiepoenga prege frivillige verv så mykje? spør han.
Han trekk òg fram at det kan bli vanskeleg å lage eit skilje på kor grensa på kva verv som er store nok for å vere med i faget.
Møllerop peikar på at forslaget med eit fag ved sidan av studiane vil bety nyttig erfaring.
– I bachelorgraden min tok eg administrerande organisasjonsarbeid, og eg har god nytte av det no. Dette er erfaring som eg kan ta med meg til seinare i arbeidslivet, fortel Møllerop.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.