Mest aktive brukere »

Nyhet.

Ulike studievilkår for masterstudentane

IDYLL. Tor Gunnar Osen har alt han treng på lesesalplassen på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Han mener både luftkvalitet og det sosiale miljøet er på topp. Foto: SESILIE BJØRDAL

Det er stor variasjon i standard på lesesalsplassar for masterstudentar ved UiB. Studentane meinar forskjellane kan ha innverknad på studiekvaliteten.

Tekst: ELINE KIRKEBØ
Sist oppdatert: 22.02.12 kl. 02.24

I haust skreiv Studvest om elendege forhold på lesesalane ved Universitetet i Bergen (UiB). Masterstudentane i historie ved UiB er blant dei som studerer i minst luksuriøse omgivnadar. På Sydneshaugen skule er studentane blitt vane med å dele plassane sine med firbeinte gnagarar.

Karin Raunholm er i gang med fjerde semester og blant studentane som er tildelt lesesalplass med låg standard.

– For ei stund sidan hadde vi ei rotte buande i luftekanalen. Den er heldigvis erstatta med ein imitasjon frå IKEA, seier Raunholm.

Eigne skøyteleidningar må nyttast for å forsyne PC-ane med straum, måling flassar frå veggane og toalettfasilitetane er lite innbydande. Raunholm meiner utforminga av salen er gammaldags og lite tilrettelagt for dagens studentar.

Kvaliteten på lesesalen har innverknad også på studiekvaliteten.

– Det er svært tung luft på lesesalen, samt at det er mykje bråk frå ventilasjonsanlegget. Eg må ta mange unødvendige pausar på grunn av dette, seier Raunholm.

Urettferdig

Raunholm oppheld seg omlag 32-40 timar i veka på lesesalsplassen. At standarden på plassane er så varierande, synest ho ikkje er rettferdig.

Tor Gunnar Osen, masterstudent i geologi, held til på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Her sit han på ein nyoppussa lesesal, med god luftkvalitet og komfortabel arbeidsplass. Pultane er store og omgivnadene lette.

– Det er klart det er meir motiverande og lettare å arbeide effektivt under slike forhold, konstaterer geologistudenten.

Osen har lite å klage på ved plassen der han oppheld seg mellom 30-35 timar i veka. Alt er tilrettelagt for effektive arbeidsdagar.

– Studiekvardagen hadde nok vore meir ineffektiv utan denne plassen, seier Osen.

Få krav til standard

Både Raunholm og Osen er einige om at god luftkvalitet og tilrettelegging for bruk av PC, burde vere eit minstekrav til standarden på lesesalsplassar.

Mathias Bratz Queseth, miljø- og læringsmiljøansvarleg i Studentparlamentet ved UiB, fortel at dei einaste krava som finst er dei som står i universitets- og høgskulelova.

– Her er eit absolutt minimum ivaretatt, som i hovudsak går på helseskader, hevdar Queseth.

Lova fastslår at forholda skal vere forsvarlege med tanke på studentane si helse, sikkerheit og velferd.

I UiB sin handlingsplan for styrking av universitetet sitt læringsmiljø 2011-2013 vert det fastslått at utarbeiing av ei serviceerklæring for studentarbeidsplassar er høgste prioritet.

– Dette er så langt berre eit forslag, seier Queseth.

Han meiner dette bør bli vedteke som eit forpliktande dokument.

Vekt på trivsel

Queseth legg til at kvart enkelt fakultet er finansielt ansvarlege for eigne lesesalsplassar. Dette kan vere noko av grunnen til at standard og dekning varierer.

– Å ha ein studentarbeidsplass der ein har det godt er ein føresetnad for å kunne yte sitt beste. Det er utvilsamt betre å lese i godt inneklima, stadfestar Queseth.

Bjørn Åge Tømmerås, fakultetsdirektør ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet, meiner god standard på alle lesesalar er svært viktig.

– Vi har ei generell haldning om at trivelege omgjevnader heng saman med godt læringsutbytte. Vi legg vekt på nærleik til fagmiljø og fagressursar.

Ronald Worley, seksjonssjef ved Det humanistiske fakultet, ser behovet for betring av lesesalane på til dømes Sydneshaugen skule.

– Økonomiske hindringar har vore avgjerande. Vi har ikkje kunne prioritert å oppgradere enkelte lesesalar, når vi ser at vi må rehabilitere heile Sydneshaugen skule i nær framtid, seier han.

– Stor framgang dei siste åra

Even Berge, avdelingsdirektør ved eigedomsavdelinga (EIA) til UiB, hevdar at det har vore stor framgang rundt lesesalsplassar for studentar dei siste åra.

– Vi har faste møte med Studentparlamentet der vi får klare meldingar om det som ikkje er tilfredstillande.

Han hevdar at Sydneshaugen skule vil vere i god stand om tre til fire år.

– Fakultetet har bevilga pengar, og planen er å pusse opp andre etasje sommaren 2012, og første etasje sommaren 2013, seier Berge.

EIA har fått meldingar om at luftkvaliteten på Sydneshaugen skule ikkje er god nok. Berge fortel at dei er i gang med ei kartleggjing av situasjonen.

– I utgangspunktet har bygget eit ventilasjonsanlegg som skal vere tilfredsstillande. Vi har no skaffa diverse utstyr for å måle blant anna CO2-innhaldet i lufta. Dette vil bli sjekka systematisk.

Berge har inntrykk av at alle fakulteta har eit ynskje om å ha best muleg kvalitet på arbeidsplassar både for studentar og tilsette.

Ansvarsfordeling for lesesalsplassar ved UiB
  • Fakulteta har ansvar for lesesalsplassar til masterstudentar og er ansvarlege for finansiering av desse.
  • Kvart fakultet betalar leige til eigedomsavdelinga. Det er dei som er ansvarlege for vedlikehald av plassane.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.