Valet av representantar til universitetsstyret er om hjørnet. Eg stiller til val som kandidat for gruppe B: midlertidige vitskaplig tilsette.
Eg vil jobbe for at UiB skal vere ein god arbeidsgivar for midlertidig tilsette. Mange i denne gruppe B opplever usikre tilsetjingstilhøve og ein uoversiktlig livssituasjon. Kombinert med til dømes familieetablering vert dette vanskelig for mange. I mange fagmiljø gjer midlertidige tilsette ein uunnverlig del av forsking, undervisning og rettleiing. Samstundes er ein pressa for å yte faglig. Det er viktig at ein får den utteljinga ein skal for dette arbeidet, både i form av anerkjenning, deltaking i fagmiljø, tid til faglig utvikling, og formell merittering.
Midlertidig tilsette har ulike utfordringar på ulike delar av UiB. Ein representant i Universitetsstyret må få fram alle desse, ikkje berre dei ein har mest kjennskap til sjølv. Med stor gjennomstrøyming er manglande organisering og representasjon eit problem for midlertidig tilsette. Eg inviterar gruppe B sine fakultetsrepresentantar ved dei ulike fakulteta til samarbeid, slik at gruppe B gjer felles sak i universitetsstyret. Eg har tverrfaglig bakgrunn som tilsett på Medisinsk-Odontologisk, utdanning og arbeidsplass på Matematisk-naturvitskaplig, og studiebakgrunn frå Historisk-Filosofisk fakultet. Dette trur eg er ein fordel som universitetsstyrerepresentant.
Dei siste ti åra har ein hatt ei stor omlegging av universitetssektoren, med innføring av bachelor, master og PhD-grader. Samstundes har antalet PhD-kandidatar auka drastisk. Dette har vore for å forsyne samfunnet med høgt utdanna kandidatar. Likevel er det mange studentar som trur ein PhD berre vil kvalifisere for akademisk arbeid. UiB må vise både for studentar og omverda at ein PhD-grad er ein svært anvendeleg og verdifull kompetanse, både for arbeidssøkarar og arbeidsgivarar.
Bruk røysteretten din ved universitetsstyrevalet, og gjer noko med din eigen situasjon!
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.