– Ikkje alle kan bli finansminister

Siv Jensen var partileiar for Framstegspartiet i 15 år og tok partiet inn i regjering for første gong. Ho var Noregs finansminister i sju år under Solberg-regjeringa, og det heile starta på NHH. 

I BERGEN: Preik med Siv Jensen på Vestlandskonferansen 11. feburar.
Publisert Sist oppdatert

Den tidlegare leiaren i Framstegspartiet møter Studvest på Vestlandskonferansen. Til vanleg er ho blant anna politisk rådgivar i organisasjonen Flyte, som ho óg har vore dagleg leiar for, fram til 2024. 

No skal ho på scena for å snakke om sine erfaringar og refleksjonar rundt den politiske karrieren. I den anledning passar det bra å sjå tilbake på hennar tid som student.

Ikkje la deg lure

Jensen tok kursverksemd ved Noregs handelshøgskule (NHH) frå 1989 til 1992, og fortel at utdanninga der har vore viktig for hennar jobb som finansminister. 

– Utdanninga har vore viktig for meg på alle moglege måtar, fordi den gir universell og god kunnskap om leiing og økonomi, noko som er nyttig. 

Ho trekker òg fram den grunnleggande forståinga av makroøkonomi som viktig. 

5 kjappe:

Favoritthobby: Ein blanding av matlaging og turar i skogen.  

Er du det du tenkjer eller det du gjerDet du gjer. 

Favorittjobb: Den eg har til ei kvar tid.

Sylvi Listhaug eller Carl I. Hagen: Sylvi er ein strålande leiar for Frp i dag, men partiet hadde ikkje eksistert utan Carl I. Hagen. Ja takk, begge deler! 

Favorittbok: «De som beveger verden» av Ayn Rand.

Jensen vektlegg at sjølv om ho forstår seg på økonomi, så har embetsverket betre økonomar.

– Eg er ikkje her for å konkurrere fagleg med økonomane. I staden er eg her for å drive det politiske faget som handlar om å gjere det umoglege mogleg, tenke løysningar og utfordre embetsverket. Likevel er det lurt å ha rett kunnskap, slik at ein ikkje blir lurt av ein ivrig byråkrat, smilar ho. 

Var aldri planen 

På spørsmål om kva type student Jensen var, fortel ho at ho var ein hardtarbeidande student.  

– Eg måtte vere flittig, slik at eg hadde moglegheita til å jobbe på kveldstid, seier ho.

Jensen starta i politikken som 18-åring.

– Eg dreiv med politikk som student, men det var berre fordi eg meinte det var kjekt å ha som hobby. Eg hadde ikkje sett for meg at eg skulle drive med det på heiltid i mange, mange år. Det var aldri planen, fortel Jensen.

TØFF START: Siv Jensen fortel om ein krevjande start i finanskomiteen.

– Har du noko tips til studentar som ønskjer å gå inn i politikken?

– Først og fremst er det viktig å melde seg inn i det partiet ein er mest einig med. Vidare så må ein hugse på at politikk er eit fag, så uansett kor flink du er i noko, må ein lære å forstå kva politikken handlar om. Dette er alt frå å bygge nettverk, til å forstå forhandlingar, menneskelege relasjonar og organisasjonar. 

– Ikkje minst må ein forstå samspelet mellom Stortinget og regjering. Med andre ord må ein melde seg inn og oppleve møter frå eit grasrotnivå. Etter det vil det gå litt av seg sjølv, om du har eit stort talent eller om du ikkje har det. Det er sjølvsagt ikkje alle som blir finansminister. 

Lille blondie

Siv Jensen fortel at å vere kvinne i politikken har vore fint. 

– Det var litt røft i starten når eg kom inn i finanskomiteen på Stortinget, fordi det nesten berre var middelaldrande menn og meg. Det var nok litt nedlatande ei stund, men det måtte eg berre tåle. Eg fekk eit par klapp på hovudet og blei kalla «lille blondie» og fekk beskjed om å roe meg ned, men det gjekk fort over altså. 

Avslutningsvis fortel Jensen at det er viktig med sjølvrespekt.

– Det handla for min del om å stole på meg sjølv og min kunnskap. Eg måtte tørre å ta plass og ikkje vike unna om ting var litt ubehageleg, fortel ho. 

Powered by Labrador CMS