Grip skotårsdagen
Den 29. februar står i fare for å bli enda ein drittdag.
Dette er en apropos. Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Det kan forekomme satire, sarkasme og ironi, og aproposen bør tas med en klype salt.
Sjå for deg ein vanleg vekedag i 2024.
Du har sove lite. Den planlagde frukosten er mygla. Du opnar nettavisa, men der er det bare klimakrise og folkemord.
Du går til universitetet. Det regnar. PC-en er tom for straum, så du får ikkje teke notat. Kulepennen fungerer ikkje.
Etter å ikkje ha lese ein dritt går du til butikken, kor alt har blitt dyrare enn det var sist veke. Du får kortet ditt avvist medan køen veks bak deg.
Så tek du ein stappfull buss heim.
Du skjønar poenget. Det er ein dårleg dag, nett som dagen før og dagen etterpå.
I 2024 har vi fått ein ekstra dag.
Fordi jorda ikkje klarar å bruke nøyaktig 365 dagar rundt sola, har vi kvart fjerde år 366 dagar.
Ein ekstra dag med dårlege rutinar, dårlege nyheiter og ting som går galt. Torsdag 29. februar 2024 kjem til å bli ein helt vanleg vekedag.
Med mindre vi tar grep.
La oss markere den 29. februar, slik at det blir ein merkedag og ikkje berre ein kuriositet i kalenderen.
Det kan vere stort eller lite.
Ta med ei kake til kollokviegruppa.
Slå opp med ho venninna som berre er toxic.
Start ein moshpit på bussen.
Fortel han fyren du likar at du vil kle av han med tenna.
Det er ingen grenser for kva ein kan gjere ut av skotårsdagen.
Ikkje aksepter at dette berre er ein dritt-torsdag i dritt-februar. Skulk jobb og skule.
Året har bare 365 dagar, skotårsdagen tel ikkje.
Grip skotårsdagen, for faen!