Luke 17: Eg slår eit slag for månen
Det er på tide at vi tar farvel med sola for godt. Verda er klar for 30 grader i februar.
Snart skal vi igjen ønskje nyåret velkommen. Kalenderen skal få eitt pluss i boka, og mange pappavitsar skal bli levert. Men er denne tradisjonen eigentleg så storslått?
År på år går vi ut i den same kalde desemberkvelden, og kjem blaute inn tidleg ein januar morgon. Alt fordi vi har passert sola 4,5 milliarder og ein gong. Spør du meg så er heile opplegget passé. Det er på tide å sprite opp epokane våre.
Mitt forslag er å gå vekk ifrå vår solbaserte kalender, og gå over til ein kalender basert på månen. Altså at vi skal ha tolv månadar basert på månesyklusane. Du tenkjer gjerne at dette er det dummaste du har høyrt, men vit at eg har vitskapen på mi side.
Månesyklusane går nemleg ikkje opp i 365 dagar, noko som betyr at sesongane vil flytte på seg kvart år. Fordelane her er openberre – ingen to år vil igjen bli dei same!
Aldri meir vil grillsesongen starte i slutten av mai. Luciadagen kunne blitt feira med ein kald pils på ein varm plen, og juliborn kunne stått på ski på fødselsdagen.
Vi kunne ignorert klimaendringane litt lengre – utan faste sesongar ville overskrifter som «Varmaste februar på 120 år» ikkje lenger gitt meining. Øynasjonar som Nauru forsvinn kanskje i havet, men her til lands vil det bli enklare å ignorere slikt når vi ligg på stranda i vinterferien.
Månen er også betre enn sola. Menneskeheita har allereie gjort dette valet klart. Vi har nemleg gått på han opptil fleire gonger. Enn så lenge har vi ikkje sendt nokon til sola.
Det er tryggleik i det føreseielege, men forandring frydar, som Evripides sa. Dei gamle grekarane brukte forresten ein månekalender, og vi veit at den gjengen kunne tenkje.
Å halde fram med dagens system er etter mi meining keisamt, og litt feigt. Så mitt ønskje er at Noreg sitt nyttårsforsett i 2025 blir å sikte mot stjernene ved å treffe månen.