Alle vil ha opptak av førelesing, men kven skal jobbe for det?

Apatien rår blant mange studentar på UiB. Kan vi verkeleg forvente at universitetet tek ansvar for behova våre når så få studentar deltek i universitetsdemokratiet?

Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Vårsemesteret er i gong. Eit langt semester ligg framfor oss, varmare temperaturar er i vente, og studentvalet ved UiB nærmar seg.

Kvart år har 20 000 studentar på UiB moglegheita til å delta i universitetsdemokratiet og påverke korleis studiekvardagen deira skal vere. I tillegg til å velje kven som skal sitje i Studentparlamentet, er vi ein av få universiteter i Noreg som bestemmer kven som blir rektor gjennom urneval.

Historisk har studentane på Universitetet i Bergen stått i bresjen for store endringar studentar i dag tek for gitt. Å ha eit eige kulturhus for studentar som Kvarteret, ha eit bygg for studentfrivilligheita som studentvillaen, og ha dagens Studentsenteret. Dette er ikkje tiltak som har dukka opp fordi universitetet ville vere snille med studentane. Desse tilboda er resultat av studentengasjement og kamp for betre vilkår.

I dag får vi meir penger enn før pandemien, men mindre kjøpekraft enn det studentar hadde for 30 år sidan. Studentfrivilligheita har såvidt greidd å bygge seg opp etter pandemien, men mange studentpolitiske organer er framleis svekka. Studentutval og fagutval slit med oppmøte, og berre 12 prosent av studentane deltok i førre studentval.

Utfordringa ein møter på i dag er apati blant studentane. Studentar bryr seg ikkje, og færre studentar har lyst å vere tillitsvalte. Ein grunn for dette er sjølvsagt låg studiestønad. Eg meiner ein annan grunn for dette også er ein gløymt kultur blant studentane om å ta dei kampane. Ein forventar at universitetet skal stå på tilbodssida og alltid tilrettelegge for oss, men nokre gonger ligg ansvaret på oss sjølve, til å gjennomføre dei endringane vi vil ha.

Eg vil difor oppfordre deg som leser dette til å tenke på fire ting:

● Kven på studiet ditt er tillitsvalgt i fagutvalget?

● Kven representerer deg på fakultetet ditt?

● Kva jobbar Studentparlamentet for?

● Kvifor velger vi rektor på UiB?

Har du tenkt på nokon av desse spørsmåla, er det enkelt å sjå kvifor det er viktig å engasjere seg – anten ved å stemme eller ved å bli tillitsvald sjølv.

«Alle vil ha opptak av førelesing, men kven skal jobbe for det?»

Spørsmålet verkar stort, men svaret er nokså enkelt: det er deg.

Powered by Labrador CMS