Nyhet
– Eg vil ikkje vere ein festbrems
Byrådsleiar Roger Valhammer med klar beskjed til studentane.

No er det forbode å samle meir enn 20 personar i privat regi i Bergen. Dersom ein bryt denne regelen kan ein bli bøtelagt.
Dette gjeld både festar på hyblar, men også private sammenkomstar i parkar, opplyser byrådsleiar Roger Valhammer.
Det kom fram på Bergen kommune sin pressekonferanse fredag føremiddag.
– Eg vil ikkje vere ein festbrems
Byrådsleiar Roger Valhammer seier til Studvest at dei spesielt denne veka har merka at anbefalingane om å halde meteren og å ikkje vere fleire enn 20 personar har blitt overholdt i for liten grad i Bergen.
– Eg ynskjer ikkje å vere ein festbrems. Og som byrådsleiar ynskjer eg ikkje å vere verken moralpoliti eller å kjefte, men eg vil likevel seie at det me ser no med festing og mykje alkohol, kor verken meteren eller antal personar blir overheldt, er noko som må utsettast.

Valhammer utdjupar likevel at det ikkje er ei spesiell gruppe som er skyld i at kommunen no innfører eit forbod.
– Eg har lyst til å seie at det ikkje berre er ungdom og studentar som har tatt lett på smittevernreglane. Denne veka har me også opplevd godt voksne bergensarar nede i båthavna som også tar lett på smittevernreglane, og det er difor me no gjennomfører dette som eit påbod, seier han.
12 nye smittetilfeller i Bergen
Sidan førre fredag er det registrert 12 nye smittetilfeller i Bergen kommune.
Medisinsk fagsjef i kommunen, Trond Egil Hansen, kan fortelje at det per no ikkje er fleire studentar enn dei 35 som er sett i karantene, etter at ein student fekk påvist Covid-19 førre tysdag.
– Eg har ikkje høyrt noko om at det er fleire studentar som har fått påvist smitte i tilknytning til studenten som var i Nygårdsparken. Eg antar difor at det ikkje er fleire smittetilfeller som kan knytas til studentaktivitetar, seier han til Studvest.
Denne veka har fleire studentar inntatt parkane for å kose seg i varmen, og gjerne vore ute til seint om natta, sjølv om det kan vere kaldare då.
– Ein kan kanskje vakne med vondt i halsen neste dag, etter at ein har vore ute lenge om natta. Kor går grensa for når ein skal teste seg?

– Då har du passert grensa. Har du fått vondt i halsen bør du for det første halde deg heime. For det andre må du teste deg, slår han fast.
Nye teststasjonar
Byrådsleiar Valhammer fortel at han også forelska seg i Bergen i fadderveka, og at det også var 25 grader og sol då han kom til byen. Han seier at han forstår at folk ikkje berre ynskjer å skaffe seg nye vener, men også å feste litt.
Også han utdjupar kor viktig der å teste seg, spesielt fordi studentar og unge ikkje nødvendigvis kjenner på så sterke symptom, eller får symptom i det heile.
– Eg vil anbefala alle studentar som kjenner på at dei har vore i ein situasjon kor smittevernet ikkje har blitt heldt heile kvelden eller natta om å teste seg, seier han.
Han legg til at det no går an å kome på drop-in, og at ein ikkje treng å ringje eller stå i telefonkø først. Det blir også jobba med å oppretta nye teststasjonar både på Laksevåg og i Bergen havn i sentrum.
