Fastlegane er klare for å ta imot studentar
– Eit meir robust legetilbod til studentar, fortel direktør Hege Råkil i Sammen Råd og Helse
Legene på Høyden og 7 Fjell Legesenter har slått seg saman til Strandsiden Legesenter. Frå januar i år starta dei opp i heilt nye lokale i C. Sundts gate på Nordnes.
Med tre nye fastleger har dei no større plass til studentar som vil ha fastlege i Bergen. Pernille Schjøtt er ein av dei. Store delar av pasientmassen hennar er studentar.
– Ikkje alle listene er fulle hos oss. Vi har fleire plassar til dei studentane som vil ha fastlege i byen, fortel ho.
Sidan legesenteret har ei sentral plassering og mange studentar bor sentralt, er det mange studentar som har fastlege der.
Blant legane på Strandsiden er det stor fagleg breidde og godt samarbeid, seier Schjøtt.
– Å vere ni legar tilgjengeleg gjer studenttilbodet trygt og forutsigbart. Ved sjukdom vil ein anna lege enkelt kunne hjelpe til.
Både 7 Fjell Legesenter og Legene på Høyden har arbeidd med studentar i mange år. Dei har stor kompetanse på utfordringar og problemer typiske for studentar.
– Vi har hatt eit langt samarbeid med Sammen. Det ein gjer mykje blir ein god på, fortel Schjøtt.
Enda fleire ledige plassar på listene kan bli aktuelt.
– Tilgangen på fastleger er generelt avgrensa, men det vil kunne komme fleire ledige plassar ved Strandsiden Legesenter i tida framover, fortel direktør Hege Råkil i Sammen Råd og Helse.
I det gamle lokalet til Legene på Høyden er no Sammen Karriere.
Styrka tilbod
Legene på Høyden og 7 Fjell Legesenter har samarbeida med Sammen sidan dei blei oppretta i 2007 og 2012, skriv Råkil i ein e-post til Studvest.
– Samanslåinga vil gi eit meir fullstendig tilbod til studentane, seier helsedirektøren.
Formålet med samarbeidet har vore å styrke legetenestene til studentar utan fastlege i Bergen. Dei to legesentera har no blitt til Strandsiden Legesenter.
– Det er ein fordel for studentene at dei no kan forhalde seg til eitt større legesenter, som har fokus på å bruke dei samla ressursane på eit godt og tilgjengeleg tilbod.
For studentar utan fastlege kan ein få tilbod om akuttime gjennom “øyeblikkelig hjelp”- ordninga. Då kan studentar ringe til legekontoret og få time så raskt som mogleg. Dette er eit tilbod for alle som betalar semesteravgift til Sammen. Internasjonale studentar får også hjelp gjennom denne ordninga.
Samanslåinga vil ikkje endre noko på studenttilbodet og prisane blir dei same.