Her er kandidatane til universitetsstyret

Fram til måndag 16. april kan du stemme på dei to studentane du vil skal sitte i Universitetsstyret.

KANDIDATANE: Desse studentane stiller til dei to plassane studentane har fått tildelt i Universitetsstyret ved Universitetet i Bergen. Øvst frå venstre: Erlend Søbye Grønvold, Marita Stortjønnli Solvang, Sausan Hussein. Nedst frå venstre: Andreas Trohjell, Martha Rolland Jacobsen, Fridtjof Wesseltoft. FOTOKOLLASJ: BEATE FELDE, TORIL SUNDE APELTHUN, STIAN MAGELSSEN.
Publisert Sist oppdatert

Fakta: Universitetsstyret

  • Er det øvste avgjerdsorgan ved Universitetet i Bergen.
  • Består av totalt 11 medlem, deriblant rektor og to studentar frå UiB.
  • Desse to studentane er stemma til studentane ved UiB, og skal sørgje for at interessene deira blir vareteke i alle saker.
  • Styret har ansvar for at UiB driv institusjonen effektivt, og følger dei lovane og reglane universitetet er underordna.
  • Dei skal sørge for å behalde høg fagleg kvalitet på dei ulike studia, og bestemmer strategiar for utdanning, forsking og anna fagleg verksemd.
  • Styret har også ansvar for UiB sine økonomiske ressursar og eigedom, i tillegg til organiseringa av institusjonen.

Studentvalet er i gang, og i tillegg til å velje representantar til Studentparlamentet, kan du stemme inn to studentar til Universitetsstyret. I år stiller seks representantar frå ulike studium. Fire av dei stiller i par, som vil seie at dei stiller to og to med same valprogram. To stiller åleine, og valet blir avgjort av studentane ved UiB.

Det skal stemmast inn éin mann og éi kvinne, men ein kan stemme på representantar uavhengig av kva «par» dei er i. Studentvalet går føre seg på nettsida www.studentvalg.no.

Sausan Hussein (22) og Fridtjof Wesseltoft (28) stiller med det same valprogrammet, med mål om eit grønare, meir moderne og inkluderande universitet.

Hussein er student ved Det juridiske fakultet, og er leiar for Juridisk Studentutvalg og sitt som fakultetsstyrerepresentant på jussen. I tillegg har ho erfaring frå Juristforbundet-Student.

– Eg har eit stort engasjement for studentpolitikk, og synast det er både kjekt og viktig å delta, fortel Hussein.

Podkast og planter
PODKAST AV FORELESNING: Sausan Hussein og Fridtjof Wesseltoft meiner alle forelesningar bør vere tilgjengelege som podkast, både til repetisjon og i tilfelle fråvær. FOTO: TORIL SUNDE APELTHUN.

Ho vil at undervisarar ved universitetet skal bli kursa i MittUiB, og at ein generelt skal ha betre kunnskap om plattforma, slik at undervisninga både blir meir aktiv og variert. I tillegg vil ho at alle forelesningar skal vere tilgjengelege som podkast. Formålet skal først og fremst vere for repetisjon, fastslår ho, men også for dei som ikkje kan møte. Hussein trur dei fleste studentar vil gå på forelesning, men at andre gjeremål eller sjukdom kan hindre dei.

– Å ha ein deltidsjobb på sida av studia, slik som mange har, skal ikkje vere ein hindring, seier ho.

Til hausten startar oppussinga av fleire fasilitetar på universitetet, og Hussein og Wesseltoft vil at slik oppussing skal skje på ein miljøvennleg måte. Dei vil ha inn grønare løysningar, og trur det kan skape eit trivelegare universitetsområde.

– Å plassere ut planter trur eg vil gjere fleire område meir attraktive og hyggelegare å opphalde seg på, seier Hussein.

Wesseltoft er einig. Han studerer kunst ved Fakultetet for Kunst, Musikk og Design (KMD), og har erfaring frå både fakultetsstyret, Ansettelsesutvalget og frå Utdanningsutvalget ved KMD. I tillegg var han med å stifta Kunstnerisk Studentutvalg, der han framleis er leiar.

 Kombinasjon av sosialt og fagleg

Wesseltoft seier han har eit engasjement for å representere studentane, og fortel at han ønsker at universitetet skal legge betre til rette for det sosiale.

– Det er viktig for trivselen at studentane føler seg inkludert. Då må universitetet sette i gong sosiale tiltak for, seier han.

Hussein legg til at dei ønsker å kombinere det sosiale med det faglege, særleg i starten av studieløpet. Dette vil skape eit godt sosialt miljø, samtidig som studentane får ein smakebit på kva dei skal studere, meiner ho.

– Til dømes kan ei ordning med ei fagleg basert «fadderveke» vere eit tiltak, der mykje av fokuset blir lagt på å bli kjent gjennom ulike aktivitetar, som gruppearbeid, seier ho.

Erlend Søbye Grønvold (23) og Marita Stortjønnli Solvang (23) stiller også som par med like valprogram. Dei ønsker blant anna større fagleg-sosialt fellesskap, at studentar skal ha meir innverknad på eige studium, og at studentane skal bli høyrt.

Grønvold har ein bachelor i samanliknande politikk ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet (SV), og studerer no lektorutdanninga med master i fransk ved Det humanistiske fakultet (HF). Grønvold sit for augeblinken i fakultetsstyret ved HF, i Humanistisk Studentutvalg, og i Læringsmiljøutvalget. I tillegg har han sete i Studentparlamentet for Grønn Liste, og er no vara for Venstrealliansen.

Vil ha meir medverknad

Ei sak dei vil skal bli prioritert, er formidlinga forelesarar og seminarleiarar gjer til studentane om forventingane dei sett til deltaking og fagleg nivå.

– Det er viktig at studenten veit kva som blir forventa av ein. Det er avgjerande både for utviklinga i studenten si evne til å argumentere akademisk, og for det sosiale. Personleg har eg opplevd at det tek lang tid før studentane bidreg med kva som er forventa, særleg i seminar, som resulterer i lite kommunikasjon og sosialisering, fortel Grønvold.

BETRE SEMINAR: Masterstudenten Erlend Søbye Grønvold vil at studentane skal få betre informasjon om kva forventingar forelesarar og andre undervisarar har til det faglege. Han meiner dette også vil sette i gang det sosiale. FOTO: BEATE FELDE.

Som student blir ein fortalt at ein har ansvaret for si eiga læring. Grønvold meiner at studentane skal få meir medverknad i sine eigne studie, også i val av litteratur.

– Mange studentar skriv veldig mykje likt, og om ein hadde meir fridom til å velje pensum sjølv, kunne dei fokusert på ulike område av faget, seier han.

– Studentane skal bli høyrt

Stortjønnli Solvang legg vekt på det fysiske arbeids- og læringsmiljøet, som lesesalar og undervisningsrom. Særleg med tanke på utforminga av nye bygg og andre oppussingar.

– No når Griegakademiet kan hende skal få eit nybygg, men også i andre tilfelle, er det viktig at studentane sine behov blir teke med i arbeidet, seier ho.

Solvang studerer utøvande klassisk fløyte på KMD, og tek praktisk pedagogisk utdanning som valfag. Ho har studert i snart fire år, der ho dei siste tre åra har vore studenttillitsvalt, i tillegg til å blant anna ha verv i fakultetsstyret ved KMD og i Studentparlamentet. Ho tok også del i arbeidet med opprettinga av KMD.

– Ingen student skal føle seg undertrykt av sine medstudentar, undervisarar eller av andre tilsette ved universitetet, og eg ønsker dermed å arbeide for at ‘Si-fra’-systemet skal fungere optimalt, fortel Solvang.

Ho fortel at det er viktig at dei som har nytta seg av systemet, har ei god erfaring med det. Det viktigaste, meiner ho, er at studentane blir høyrt.

Ønsker meir praksis

Andreas Trohjell er 21 år og går siste året på ein bachelor i matematikk. Han åleine som kandidat til universitetsstyret.

SKAL BLI HØYRT: Kandidat Marita Stortjønnli Solvang meiner at det viktigaste er at studentane sine behov blir vareteke, og at studentane skal bli høyrt. FOTO: BEATE FELDE.

– Eg vil jobbe for at UiB fortsett å arbeide med FNs klimamål, meir praksis i utdanninga og riktig dimensjonering av emne, seier Trohjell.

Han har ei fortid i blant anna Studentparlamentet, som student parlamentarisk leiar for Realistlista og representant i Fagutvalget og Studentutvalget på Matnat. Dei siste to åra har han også sitte i fakultetsstyret på Det matematisk-naturvitenskaplig fakultet (Matnat).

Dimensjonering av emne

Han trur at ei av sakene han har kan bli oppfatta som kontroversiell, spesielt på HF der undersøkingar viser at studentane arbeider mindre i veka enn på til dømes Matnat.

– Ei vanleg arbeidsveke er på 37,5 timar, men studentar varierer veldig i kor mykje tid dei bruker på dei ulike studia, seier han.

Trohjell viser til at studiar som arkitekt, juss og medisin bruker over 50 timar i veka medan andre bruker godt under 30 timar.

– Likevel får dei like mange studiepoeng og karaktersnittet kan vere det same uansett, men i praksis er ikkje studia like store, forklarer han.

Løysinga, ifølge Trohjell, er ikkje å gje fleire studiepoeng til nokre emne berre fordi dei har meir å gjere, men at studentar ikkje må trenge å jobbe meir enn det som er naudsynt.

STUDIEPOENG: Andreas Trohjell vil at universitetet skal bli betre på å behalde dei eksisterande retningslinjene for studiepoeng, i staden for å lønne nokre emne med fleire poeng. FOTO: BEATE FELDE.

– Det er spesifikke retningslinjer for kor mykje arbeid det skal gjennomførast i kvart emne for å få studiepoeng. Eg meiner at UiB må bli flinkare til å behalde desse, seier Trohjell.

Stiller åleine

Sjølv om Trohjell stiller åleine til universitetsstyret er han likevel optimistisk. Han trur det vil vere ein fordel for universitetet og leiinga at det blir valt to kandidatar som kanskje jobbar for ulike saker.

– Det vil kunne gje eit mangfald i saker og uansett kven som blir valt vil dei vere frå to ulike fakultet, seier han, og legg til at det berre kan vere positivt for studentane ved universitetet.

Martha Rolland Jacobsen (25) stiller også åleine. Ho går fjerde året på integrert master i odontologi, i tillegg til å forske på kreft i munnhola ved forskarlinja. Ho har erfaring frå både Studentparlamentet og student- og fagutval, men seier til Studvest at ho ikkje ønsker å sitte i Universitetsstyret.

– Studiet mitt let seg ikkje kombinere med eit liv utanfor. Hadde eg studert noko anna, hadde eg med glede stilt aktiv – og gjerne saman med Andreas, seier ho.

For det var på grunn av mangel på kvinnelege kandidatar til valet, at Jacobsen sa seg villig til å stille. Ho fortel at dei krev at tre kvinnelege og tre mannlege kandidatar stiller til valet. I år var det originalt berre to kvinner som stilte.

– Eg er dårleg på å seie nei, og det er grunnen til at eg står der, seier ho.

Jacobsen fortel at dersom ho blir valt inn må ho få tilpassa studiekvardagen, og at det kjem til å gå greitt.

– Men eg tykkjer at de kandidatane som har meir tid å vie til styret automatisk blir mykje betre kandidatar enn meg, og eg håper at folk tar stilling til det også når de stemmer.

I denne artikkelen sto det tidligere at Martha Rolland Jacobsen studerer ontologi. Det stemmer ikke. Hun studerer odontologi.

Powered by Labrador CMS