Nyhet
Her er nye Sammen City
Studvest har fått eksklusiv tilgang til nye Sammen City – her er bileta.
Sjølv om koronakrisa har snudd student-Bergen på hovudet, har oppussinga av Sammen City føregått tilnærma normalt. No er 2. etasje snart ferdig, og eit heilt nytt anlegg står klart til bruk når sentra opnar igjen.
På ein vanleg dag er rundt 1500 personar innom City for å trene. Med den nye etasjen vil senteret kunne ta i mot rundt 2000 kundar dagleg, når dei er tilbake til full drift igjen etter korona.
I den nye etasjen skal det vere eit større fokus på lågterskel trening, der du er litt meir for deg sjølv. Det er cirka 900 kvadratmeter ekstra, og også litt mindre vekter. Det er maks 20 kilo på frivektene.
I tillegg til frivekter vil 2. etasje også bestå av grasmatte med slede, frivekstområde, trappemaskinar, møller, crosstrenarar og syklar.
Kommunikasjonssjef i Sammen, Marita Monsen, fortel at tida i kampsportrommet vil bli fordelt av Idrettsrådet til studentforeningane kvar dag etter klokka 15.00.
Den nye etasjen vil også innehalde ei eigen PT-sone, ein ny testlab for testing av oksygenopptak og melkesyreterskel, og to behandlingsrom til fysioterapi og sportsmassasje.
I tillegg til at heile 2. etasje er ny, er det også gjort oppgraderingar i den kjende 1. etasjen. Det er blant anna lagt eit nytt golv i frivektsområdet, og er kome fleire nye små garderobeskap som er tilgjengelege utanom garderoben.