Det går riktig veg i «bakvendtland» 

HF-revyen 2025 viser at det kan lønne seg å ikkje gje seg på topp. 

BAKVENDTLAND: Årets HF-revy, «I bakvendtland», gjer det meste riktig veg meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Det er stor fallhøgde når den einaste vegen er ned. Da fjorårets HF-revy nyleg vart prisa som årets studentorganisasjon, vart det skapt ei bekymring for om årets show ikkje skulle kunne leve opp til forventingane. Det er ikkje tilfellet.

Revyen er morosam! Den er vel gjennomtenkt og vel gjennomført. Stundvis er den til og med tankevekkande.

TANKEVEKKER: Revyen kan til tider vere meir enn berre morosam meiner vår meldar.

«I Bakvendtland» er namnet på årets revy, og showet baserer seg på Alf Prøysens song med same namn. Temaet er vår kvardag snudd på hovudet, i form av blant anna «jentestemning» og speborn som styrer politikken (uhøyrt).

I staden for å la seg freiste av å lene seg for mykje på det absurde ei bakvendt verd kan by på, syner dei heller eit spegelbilde av dagsaktuelle tema. Det er godt gjort å lage sketsjar som knapt er distansert frå røynda, men som likevel kjennes ut som dryg satire.

Sketsjen om «jentestemning» er spesielt rota i røynda. Reinskar ein vekk den overdrivne ropinga og den påtatte etterlikninga av ekle gutar, så er replikkane som henta ut av ein herregarderobe. Baksnakking av partnaren, raskt følgd av ei total endring av personlegdom så snart paret er på tomannshand, er dessverre langt frå eit bakvendt land. At revyen for det meste held på denne raude tråden, er ein av showets største styrker.

Det betyr ikkje at billeg humor ikkje blir nytta. Champions league i pissing, og ein høglytt teambuilding får ikkje meir enn lett humring frå meg. Skodespelarane gjer likevel desse sketsjane minneverdige med ekstremt imponerande innsats.

INNSATS: Skodespelarane gir alt på scena.

Varmt og kaldt er kanskje ei passande skildring av kostymane. Dei er tidvis veldig kreative, og det er tydeleg at dei har lagt inn tid og sveitte i å lage mykje for hand. Slik som vispen til «vispranaren». Det hadde kanskje ikkje utgjort noko forskjell om dei brukte ein ekte visp, men det er berre bra å gjere litt ekstra.

Andre gonger ser det mindre gjennomtenkt ut, der det er vanskeleg å vite om det er ein plan bak femten vidt forskjellige kostyme. Fargerikt er det i alle fall.

Dei har ingen rett til å ha så mykje trykk frå bandet. Med ein gong ein sketsj tek slutt og ein høyrer fingrar gli lett mot ørten gitarar, så må ein stålsetje seg. Lyden er knallbra, og ein tek seg ofte i å ubevisst nikke med til musikken.

Det er heller ingen mangel på songar. Samtlege bandmedlem får både ein, to og tre låtar kvar der dei kan briljere med ein solo. Spesielt bandleiaren gav det vesle ekstra med sine keyboardsoloar, som kan minne om det beste frå The Doors.

ROCKER: Revybandet laga mange høgdepunkt i løpet av framsyninga.

Aller best er det når bandet er i samspel med skodespelarane og dansarane. Kveldens høgdepunkt er eit musikalnummer, der Simen Velle blir ein av Village People som frontfigur i songen YMCA, omskriven til INCEL. Den var dagsaktuell, teksten var bra skriven, og den er presis i stikka den deler ut.

Snakkar vi om det store bildet så tener revyen mest på heilheita av showet. Det vil ikkje seie at det er ein mangel på eineståande sketsjar, punchlines eller deler som skil seg ut. Det betyr at alle får moglegheita til å stele showet ved å briljerer på kvar sin måte, men at dei glimrar mest i kor. Det er eit under at dei kan yte det dei gjer, utan å spare seg litt til neste show.

Publikum heldt ikkje igjen. Ein kan nesten tolke revyen frå nabobygget, berre ved å bruke latteren som peikepinn. Underskrivne kan ikkje anna enn å vere mektig imponert av det som blir prestert i HF-revyens andre år tilbake frå underverda.

Studvest vurderer dermed HF-revyen til karakter A. 

GULL: Studvests meldar har vurdert HF-revyen 2025 til karakter A.
Powered by Labrador CMS