– Det kjem ikkje til å vere klima år for år

Kikki Kleiven vil bruke klimahistorie til å få folk til å forstå verda vi lever i i dag under Aarebrotførelesinga 2021.

KLARE TIL SØNDAG. Klimaforskar Kikki Flesche Kleiven og student Vilde Friis Ruud gjev oss 4,54 milliardar år med klimahistorie på 200 minutt.
Publisert Sist oppdatert

Aarebrotførelesinga

  • Aarebrotførelesinga er ei årleg førelesing til minne om den kjente valforskaren og UiB-professoren Frank Aarebrot.
  • Har som føremål å heidre den munnlege formidlingsstilen Aarebrot var kjend for.
  • Skal haldast av fagpersonar som har utmerka seg som formidlarar, uavhengig av fagbakgrunn.
  • Er eit samarbeid mellom UiB, Studentersamfunnet i Bergen og familien til Aarebrot.
  • Førelesinga i 2021 skal handle om klimahistorie, og haldast av Kikki Flesche Kleiven.

Søndag kveld er det klart for den trejde årlige Aarebrotførelesinga. Temaet for førelesinga, som skal haldast av klimaforskar og førelesar ved Universitetet i Bergen (UiB) Kikki Kleiven, er 4,54 milliardar år med klimahistorie på 200 minutt.

Kleiven er klimaforskar og førsteamanuensis i geovitskap ved UiB. Ho håpar dei som får med seg førelesinga vil sitje att med større forståing av naturen rundt seg.

ÆRA, GLAD OG LIVREDD. Kikki Flesche Kleiven fortel at ho vart både æra og ein smule redd då ho blei bedt om å halde årets Aarebrotførelesing.

– Vi lever på ein aktiv planet, der prosessar som har vore i gang over lang tid framleis skjer. Samtidig har vi, som ein ganske nykomen art, tatt vel mykje føre oss. Dei endringane vi ser i dag er heilt utanom det som skjer naturleg, og har aldri skjedd i historia.

– Meir effektivt enn bilete av smeltande polar

Kleiven meiner òg, i Frank Aarebrot si and, at kunnskap om fortida er viktig for å forstå samtida vi lever i.

– I historisk perspektiv kan til dømes ei temperaturauke på fem grader over 20 000 år reknast som ei rask auke. No har mennesket auka temperaturen med nesten to grader på 200 år, seier ho.

Frank Aarebrot heldt i si tid mellom anna førelesing om 200 år av historia til Noreg på 200 minutt. Klimaforskaren kan ikkje gå like mykje i detalj når ho skal dekke over 4,5 milliardar år på like lang tid.

I AAREBROTSK AND. Førelesinga skal heidre formidlingsstilen Aarebrot vart kjend for. ARKIVFOTO: Ida Helen Sogstad

– Det kjem ikkje til å vere klima år for år, men meir i dei store linjene. Vi geologar tek gjerne litt større jafs, og det kan gå eit par millionar år av gangen, seier ho.

I tillegg synest Kleiven det er viktig å vise dei lokale innverknadane av klimaendringar. Dette er noko ho plar bruke tid på når ho held førelesingar om emnet.

– Eg trur det er viktig å ta utgangspunkt i folk flest sitt klima, og spørje, utan å rette peikefinger, kva endringar dei har merka. Om det til dømes er to generasjonar av ein familie som ser på har dei nok merka store endringar. Eg trur det kan vere meir effektivt enn å vise bilete av smeltande polar.

INGA KLIMA ÅR FOR ÅR. Med 4,54 milliardar år å dekke, vert det ingen «Klima år for år»-kavalkade på søndag.

Samtidig gler Kleiven seg til å prøve lengda og formatet på førelesinga.

– Det er fint å få bruke litt tid på å formidle i ei tid der så mykje skal vere så kort.

– Heilt fantastisk formidlar

Aarebrotforelsningen er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Studentersamfunnet i Bergen og familien til Frank Aarebrot. Vilde Friis Ruud er Aarebrot-ansvarleg i Samfunnet, og er einaste studentrepresentant blant arrangørane. Ho peikar på Kleiven sine evner som formidlar som ein viktig grunn til å få med seg førelesinga.

– Kikki Kleiven er ein heilt fantastisk formidlar, så det kan ein gle seg til. Frank Aarebrot var jo kjend for formidlingsstilen sin, og sjølv om det er viktig at Aarebrotførelesinga har eit godt fagleg fokus, er formidlinga minst like viktig.

Ruud studerer samanliknande politikk, og fortel at fascinasjonen for Frank Aarebrot er ein av grunnane til at ho valde å engasjere seg i førelesinga.

I FRANKS FOTSPOR. Aarebrot var ansatt på Institutt for samanliknande politikk ved UiB. Det er der Vilde Friis Ruud, Aarebrot-ansvarleg i Samfunnet, studerer no.

– Han er ei legende på studiet mitt. Eg fekk diverre aldri ha han sjølv, men eg har alltid vore fascinert av han.

LES OGSÅ:

Powered by Labrador CMS