Dette har studentane på øyrane under eksamenlesinga
Studentene på BI og UiB høyrer på alt frå hiphop til klassisk musikk.

Våren er her og studentane må nok ein gong inn i ein intens eksamensperiode. Om få uker kjem ein stor del av studentane i Bergen til å sitje krokbøgd over lesesalpultane, og for mange er musikk heilt essensielt for å kome seg igjennom tungt pensum.
Kan musikk gjere dei lange dagene litt enklare?
Studvest har høyrt med nokre av studentane på Handelshøyskolen BI og ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) om preferansane deira og kva for ein låt dei skal feire fullført eksamen med.
Joveig Åsemyr (21)
Studerer: Biologi ved UiB
Høyrer på i eksamensperioden: «Drei Haselnüsse für Aschenbrödel» av Karel Svoboda.

– Det er Askepott-låta, ja! Den gjer meg så roleg.
Første låt etter eksamen: «Ferrari» av James Hype og Miggy Dela Rosa
Åsemyr har gode minner med låta frå ein hyttetur og frå fadderveka.
– Det er ein så steikje bra låt!
Edvard Sander Bae Mysen (22)
Studerer: Informasjonsteknologi og økonomi ved UiB
Høyrer på i eksamensperioden: «Roleg rap», Asap Rocky, Tyler The Creator og Frank Ocean.
Favorittlåta er «Passionfruit» av Drake.

– Det er pinleg eigentleg. Drake er så sjukt 2017.
Første låt etter eksamen: Ein av låtane på den sjølvlaga spelelista «Bankers».
– Då er både stemninga og vorset bankers, seier han og ler.
Anne Helene Monsen (20)
Studerer: Fiskehelse – akvamedisin ved UiB
Høyrer på i eksamensperioden: Klassisk musikk utan tekst eller «Brown noise»-speleliste for å auke fokuset og konsentrasjonen.
Viss det er musikk med tekst klarar ho ikkje å konsentrere seg.
– Eg kjenner i alle fall på at det funkar, men ja det kan jo like godt vere plasebo.

Første låt etter eksamen: «Ring meg» av Gabrielle.
– Eg får lyst til å synge med og feire! Den gir meg så masse energi.
Didrik Aamold (29)
Studerer: Lektor i biologi og kjemi ved UiB
Høyrer på i eksamensperioden: Mykje hiphop og Frank Ocean. Favorittlåta er «Starry Night» av Peggy Gou.
– Den minner meg om å stå på ski, og det diggar eg!
Første låt etter eksamen: «Push Up» av Charlotte de Witte.
– Den får meg opp i stemning og blir ei slags gåve til meg sjølv.
Tuva Hagland (21)

Studerer: Medisinsk teknologi ved UiB
Høyrer på i eksamensperioden: «Cinnamon Girl» av Lana Del Ray.
– Eg kjem inn i ei heilt eiga verd når eg høyrer på denne, spesielt med headset.
Første låt etter eksamen: «Happier Than Ever» av Billie Eilish.
– For ein boost denne låta gjer deg! Det treng ein etter eksamen.
Mathias Sverd Dragsund (21) og Siver Davik (21)
Studerer: Økonomi og administrasjon (BI)

I eksamensperioden: Roleg musikk, spesielt norsk rap.
Mathias likar «Ivy» av Frank Ocean, mens Siver likar «Dreams» av 23 x C.Gambino.
Første låt etter eksamen: Noko av artisten Tyr.
Dragsund vel låta «Drinks» mens Davik vel «21».
– Han er sjukt rå!
Malin Ullebø (21)
Studerer: International Management (BI)

Høyrer på i eksamensperioden: Klassisk musikk. Ingen favorittlåt, men likar godt musikarane Claude Debussy og Frédéric Chopin.
Ho fortel at klassisk musikk gir ho ein eigen modus i eksamenstida.
– Det er viktig å ha ein eigen sjanger for eksamen.
Første låt etter eksamen: «Les feuilles mortes» av Yves Montand.
- LES OGSÅ: – Du får muligheten til å reflektere rundt mange av de store spørsmålene i livet
- LES OGSÅ: ANMELDELSE: Kule damer med silkemyk harmoni
