Lysshow til over millionen
Universitetsmuseet og Universitetet i Bergen startar 200-årsjubileet med eit «spektakulært» 3D-lysshow på laurdag. Dette kan du forvente deg.
Studvest har prata med rektor på Universitetet i Bergen (UiB), Margaret Hagen, og museumsdirektør ved Universitetsmuseet, Kari Loe Hjelle, før det planlagte 3D lysshowet til helga, som skal åpne feiringa av Universitetsmuseet og UiBs 200-års jubileum.
Lysshowet har ein estimert prislapp på 1 170 000 kronar. 200 000 for eventtjenester og koordinering, 170 000 for bearbeiding av materiale og omtrent 800 000 kronar for teknisk gjennomføring, opplyser UiB.
– Er det økonomisk forsvarleg å bruke tid og pengar på å arrangere eit stort utandørsarrangement i Bergen i januar?
– Det kan ikkje vere tvil om at det er ein betydeleleg kostnad, men vi ønskjer å gje ei gåve til byens befolkning, svara Hagen.
Hjelle legger til at ein er avhengig av mørke for at showet skal fungere og derfor holdast på vintaren.
– Det skal jo skje ein del dette året for å feire 200-årsdagen, kvifor er den så viktig å markere?
– Ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt er formidling, så vi vil ha ei brei vifte av ulike arrangement som visar fram kunnksapens verdi og historia vår, fortel Hagen.
UiB investerer mykje i feiringa av 200-års jubileet. Det er derfor planlagt fleire markeringer i 2025. I tillegg til lysshowet er det blant anna planlagt ein jubileumsfest i april.
Jubileet skal totalt koste fire millionar kronar, kor 1,6 millionar blir finansiert av DNB NORs jubileumsfond. DNB NORs jubileumsfond til Universitetet i Bergen vart opprett av Bergen Privat Bank i forbindelse med bankens 100-årsjubileum i 1955. Formålet er å yte støtte til ulike tiltak ved Universitetet i Bergen, opplyser UiB. Dei resterande 2,4 millionane er oppført i UiBs budsjett for 2025.
– Kva vil de seie til studentar som ser at det blir gjort kutt fleire steder, samstundes som ein vesentleg sum blir brukt på denne feiringa?
– Eit universitet er bredt, vi må bruke midlar til rekruttering, markering og for å vise kunnskapens verdi. Vi må også vise universitetets viktigheit og status, sier Hagen.
– Det er hardt med kutt, men det er likevel viktig å feire. Eg håpar studentane kan føle litt stoltheit og tenkje at dei er ein del av dette universitetet, legg Hjelle til.
Lysshowet skal vere ein meir inkluderande måte å markere på i følgje Hagen, som fortel at det ikkje vil bli noko gallamiddag.
Eit «spektakulært» show
Hanna Sannes (25) og Sofia Karlstad (25) er UiBs eigne jubileumsambassadører, som skal vere med å promotere jubileet på sosiale media. Dei greia ut om korleis lysshowet vil sjå ut.
Førestillinga vil bestå av at framsida til museet blir lysa opp av fleire prosjektorar, med lyd som akkompagnerer.
– Dei kallar det «mapping», som er at fasaden skal lyses opp på ein måte som reflekterar det som er inne i museet. Ein skal kunne sjå noko utanpå bygningen, og så kjenne det igjen inne på museet etterpå, fortel Sannes.
Den første delen av programmet skal bestå av ti minutter med ei tidslinje, før dei deretter synar eit lysshow som skal vare i eitt kvarter.
I den siste tida før showet har ambassadørane lova eit «spektakulært» lysshow.
– Dette blir noko ein sjeldan kan sjå i livet. Det er veldig teknisk og godt laga, så det blir spektakulært å sjå bygget «forsvinne» under showet, smiler Karlstad.
Universitetet hadde i 2019 eit liknande lysshow i anledning gjenopninga av museet med stor suksess.
«Bombesyklon» tvang utsetting
Lysshowet skulle opprinneleg ha premiere på fredag den 24. januar, men kvelden før måtte arrangørene melde om at arrangementet måtte utsettes. Årsaken er at det er meldt at Bergen skal treffes av ein såkalt «bombesyklon» på fredag formiddag. Uværet fører til at eit utandørsarrangement ville blitt for ekstremt, til og med for ellers værbitte bergensere.
Per fredag ettermiddag er det også meldt uvær på laurdag og søndag, men UiB planlegg lysshow begge dagane.
– Har de tett regntøy? Det er ikkje meldt så bra vær på laurdag heller.
– Nei, men regntøy har vi. Vi har vore ute i ei regnnatt før, vi vestlendinger, seie Hjelle med eit lurt smil.
Trass uværet så venter UiB opp til fleire tusen oppmøtte tilskodarar til helgens feiring.