Studentar tek beina fatt mot barnekreft

Torsdag ettermiddag tok mange studentar del i Studentløpet mot Barnekreft. Årets løp tangerte fjorårets deltakarrekord.  

DEN FØRSTE METEREN: Ivrige studentar legg ut på velgjerdsløpet med godt humør.
Publisert Sist oppdatert

Torgallmenningen var fylt av studentar og tilskodararar i førekant av torsdagens løp. Der fekk dei oppleve alt frå aerobisk oppvarming, til talar og premieutdeling. 

Rekordtal for studentløpet også i år

Arrangementet har hatt ein stødig vekst sidan det første løpet vart organisert i 2022. I år var det 400 oppmelde og om lag like mange som sprang, noko som meir enn tangerer rekordtala frå fjorårets løp. Då var det litt færre som sprang enn i år. Dette er i følgje tal frå Studentunionen mot Barnekreft (SMB). 

Louise Nordqvist og Marita Hornnes frå SMB var svært nøgd med det store oppmøtet.

– Vi prøvde å toppe dei tidlegare åra. Målet vårt var å få fleire med enn før, så vi har stått på stand og besøkt fleire fakultet for å få dette til, fortel Hornnes. 

– Pengane vi samlar inn går til Barnekreftforeningen, så løpet støttar ei god sak. Derfor ønskte vi å gjennomføra dette, tilfører Nordqvist. 

Prisen for å melde seg på løpet var på 150kr for studentar og 200kr for vaksne. Utanom dette kunne ein sjølv velje å donere meir om ein ønskte. Studentløpet mot Barnekreft blir også sponsa av fleire bedrifter i Bergen.

Framover ønskjer dei at tradisjonen skal halde seg sterk, slik at løpet vil fortsette å vekse.

– Vi håpar at dette skal vere ein årleg tradisjon, og at den kan bli større ved å samla vaksne og born rundt å støtte denne gode saka, seie Nordqvist. 

BRA OPPMØTE : Løpet vart så bra som Nordqvist og Hornnes hadde håpa.

Synkron oppvarming

Arrangementet gjekk ryddig for seg, og løparane vart bada i ei strålande haustsol. Når klokka tikka imot løpsstart, så sette eit par trenarar i gong ei økt med synkron oppvarming. Anlegget på scena pumpa ut det som må ha vore ei speleliste av landets mest spela «high BPM» låtar, og pulsen til folket på Torgallmenningen fekk eit felles løft.

Dei sprekaste deltakarane fekk beskjed om å bevege seg fram i feltet, dersom dei ønskte å konkurrere om førsteplassen. Kl. 18 sette løpet i gong og studentane fossa utover mot Nordnes.

- Alle skal kunne delta

GULLSMIL: Førsteplassen gjekk til Astrid Kristiansen og Sigmund Kvalheim

 Løpet var på drøye tre kilometer. Det var derfor relativt lågterskel å gjennomføre.

– Vi ønskte å ha ei løype som var oppnåeleg for alle, også for dei som ikkje kan springe, seie Nordqvist og fortset;

– Det skulle vere mogleg å kunne gå runda. Vi har tidlegare sett familiar med born som har vore med på løpet, så vi ville legge opp til at løpet ikkje vart for tungt å gjennomføre.

Løypa gjekk frå Torgalmenningen, rundt Nordnes og tilbake - ein runde som med få unntak følgjer gater med rullestol-venleg underlag, og låge stigningsgrader. 

Studvest erfarer at 3km ikkje var til å kimse av. Alle våre deltakarar fullførte, men dei som var mest vande med jogging meinte at det er enklare å styre tempoet på lengre distansar. Arrangørane oppnådde gjerne målet sitt om å halde eit lågterskel løp, men distansen var lang nok til at enkelte vart mo i knea. 

Derfor spring vi

– Kvifor valde de å bruke løp for å drive velgjerd?

– Barnekreftforeningen har i alle år helde løp for innsamling til barnekreft, fortel Nordqvist og legg til at Ingrid Larsen som starta studentløpet mot barnekreft hadde eit ønskje om å halde eit løp til minne om veslesøstera si, som mista livet til kreft. 

Ingrid Larsen starta i 2022 denne tradisjonen medan ho gjekk på Høyskolen Kristiania. Ideen om å springe for velgjerd var ein vidareføring av ein tradisjon for løping ho hadde med veslesøstera Nora. Ingrid er framleis med på å arrangere studentløpet mot barnekreft, og ho var til stades på torsdagens løp. 

Powered by Labrador CMS