Kommentar

Kvinnenes Erna?

Erna er ei kvinne av og for patriarkatet.

Foto: Høyre/ Hans Kristian Thorbjørnsen
Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for journalisten sine egne meninger.

Det er kanskje lett å gløyma, men før aksjerotet til Erna Solbergs ektemann tok over den offentlege debatten, rakk Høgre-leiaren å lira av seg høgst kritikkverdige påstandar under partileiardebatten på TV 2.

Den kjensla eg sat med då eg leste at Erna Solberg, i beste sendetid på TV 2, seier kontant nei på spørsmålet om Noreg bør innføre sjukedagar for kvinner med sterke menstruasjonsplager, den kan eg ikkje skildre.

Eg har ingen ord som kan forklare kor utruleg skuffa eg vart av å lese det. Eg kjende klumpen i halsen og sinnet steig i meg. Det gjer det no når eg skriv dette òg.

Skru tilbake tida til våren 2017.

Eg har akkurat fått beskjed om at eg står i ferd for å ikkje få standpunktkarakter i religionsfag på vidaregåande. Og nei, det er ikkje fordi eg ikkje gidd, ei heller fordi eg ikkje er smart nok.

Det er fordi eg har for høgt fråver. Vil du vete kvifor eg har høgt fråver? Fordi i fire til sju dagar i månaden ligg eg i fosterstilling og klamrar meg til ei varmeflaske, så varm at eg får brennmerker på huda. Kvar månad.

No tok eg ikkje med dei andre dagane utanom menstruasjon der smertene kjem snikande som lyn frå klar himmel. Berre fordi eg er kvinne.

Og ja, det er bevisst at akkurat det er skrive i notid, for det er framleis slik. Og eg er langt ifrå åleine om dette. Ifølgje Endometrioseforeningen har så mange som ein av ti norske kvinner endometriose eller adenomyose, eller begge deler. Og dei trur det er store mørketal.

Eg vart diagnosert med endometriose i 2020, etter ti år med smertehelvete og grining hjå fastlegen som seier «Berre ta paracet. Det er slik det er å vere kvinne».

Tilbake til notida. «Eg har klart å vere på jobb alle åra med dette, og eg har hatt nokre år med menstruasjonsperiodar», erklærer høyre-lederen stolt under partileiardebatten på TV 2.

Så fint for deg at du har klart det, Erna. Misforstå meg rett, eg unner deg ikkje menstruasjonssmerter. Eg unner ingen desse smertene.

Eg ber ikkje nødvendigvis om dei fridagane det var snakk om i partileiardebatten (sjølv om det hadde komt godt med), eg ber om forståing.

Eg ber om medkvinnelegheit. Du veit, medmenneskelegheit, berre at det er mellom oss kvinner. For systemet, slik det er i dag, tek ikkje hensyn til kompleksiteten til endometriose/adenomyose. Ei heller andre kroniske sjukdommar som fungerer på same måte.

Eg seier som mamma til Nure i Linus i Svingen: Eg er ikkje sint (ei heller overraska), berre veldig, veldig skuffa.

Erna er og forblir ei kvinne av og for patriarkatet. 

Vil du få din mening på trykk i Studvest?
  • Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  • Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte og redigere innlegg.
  • Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, fremstår som reklame eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg selv.
Powered by Labrador CMS