Alper og aperitivo. Mi utveksling til… Bergen?

I verste fall kan eg trøysta meg med minst 30 studiepoeng i «après-ski»

BERGEN?
Publisert Sist oppdatert

Mellom dolomittane og Garda-sjøen, i skjeringspunktet mellom jägermeister og aperol, ligg byen eg har budd i det siste semesteret. Trento er reine paradis, i alle fall for alle som vil flytta til eit alternativt Noreg der alle snakkar italiensk, og du helst berre vil bli kjent med tyskarar.

VINTER: Wonderland?

Byen ligg omkransa av fjell, husar omkring 17.000 studentar og har to lokaltoglinjer. Ein dit alle skal og ein dit ingen skal. Ein kan jo lura på korleis eg greidde å hamna i Italias Bergen. 

For å komma til campus må ein opp til Trento-Høyden, vil ein ha utsyn over byen kan ein hoppa på gondolen opp til Trento-Ulriken og er ein uheldig kan ein enda med studentbolig på Trento-Fantoft.

Eg fann kjapt ut at A- og B-menneske får ei ny betyding i Alpene: skifolka er utan unntak ute or døra klokka 05:00 for å rekka første heis, den resterande populasjonen står opp tidlegast 14:00 og startar dagen med ein apertivo i sola. Ein kompis forklara ein gong at om ein drikk øl om morgonen er ein alkoholikar, men om ein drikk spritz er ein berre italiensk. Om ein velgjer jägermeister på morgonen er du skibums og drikk ein rom før klokka 08:30, så er ein pirat.

Aperitivoar skal ein forøvreg ha heile tida, for å feira eigentleg kva som helst. Eg har vore med og skåla i aperol både for vel gjennomført tur på daglegvarebutikken og for å rekka rutebussen. Ein kan spørja seg om det kjem til å syna att på bachelorvurderinga. I verste fall kan eg trøysta meg med minst 30 studiepoeng i après-ski.

I Trento er alle anten i 20-åra eller bikka 60. Byen består utelukkande av elleville studentar som har gjort dagsfylla til ein livsstil og italienske pensjonistar som uironisk hyttar med neven ut vindauga når ein spelar musikk i gatene.

VOSS: Ligner litt?

Studenthordane til trass, det soleklart mest populære utelivstilbodet er ein knøttliten bar kalla Scaletta, kor ein kan tissa i eit hol i bakken, kjøpa noko ubestemmeleg i ein plastkopp som smakar ulovleg og stå klemt saman med tusen andre i eit smug bak bymuren. 

Ein lærar også på den harde måten at dei italienske Alpane ikkje har oppdaga konseptet nattmat endå, heldigvis finst det eit bakeri kor ein frå klokka 4 om morgonen kan kjøpa brød utan pålegg ut or vindauget.

Powered by Labrador CMS