Ikkje universitet for syns eller moro skuld

At høgskular ønskjer å bli universitet har dessverre skapa ei misforståing om at alle universitet skal vera like i det me driv med.

UNIVERSITET. Å bli eit universitet er litt som å leggja seg om kvelden; ein må prøva å sova for at ein skal sovna, skriv leiar for Studenttinget på Vestlandet, Jelle Sebastian Bruin og studentvald styremedlem ved HVL, Alexander Papas. Foto: Privat og Nikolai Hagevold Krohne
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Fakta

  • Vil du få din mening på trykk i Studvest? Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  •  Vi tar oss retten til å forkorte og redigere innlegg etter god presseskik.
  • Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, fremstår som reklame eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg selv.

I ein leiarartikkel 4. mai 2022, uttrykkjer Studvest ei uro over at fagskulane vil levera bachelorgradar, og at Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ambisjon om å bli eit universitet.

Vidare held studentavisa fram at ambisjonar som dette kan vera eit teikn på ei evig statusjakt, og stiller spørsmål ved om me ikkje heller skal vera ambisiøse når det gjeld kunnskap og kvalitet i utdanningane, «(…) snarere enn å utvide akademia og fokusere på det akademiske statussymbolet».

Som personar som brenn for høgskulen vår, gler me oss over at problemstillinga blir løfta fram og ønskjer å bidra med våre perspektiv i denne viktige saka. 

La oss starta med å kalla ein spade for ein spade: Universitetsambisjonen vår handlar dels om status. Spesielt internasjonalt sett der universitet er eit kjend omgrep og eit viktig kvalitetsstempel. Likevel er det ikkje ein motsetnad i det å jobba med studiekvalitet og det å styrkja fagkunne ved institusjonen. Det er snarare tvert imot to sider av same sak.

Universitetsambisjonen styrkjer institusjonen vår ved at me raskare kan svara på behova som samfunnet rundt oss har – både gjennom at me forskar meir enn det høgskulane tradisjonelt sett har gjort, og at me raskare kan akkreditera utdanningsløp som omgjevnadane våre treng.

Dette gjev studentane oppdaterte utdanningar, og bidreg til å gjera institusjonen meir relevant og attraktiv både regionalt, men også nasjonalt og internasjonalt. 

Sjølv om HVL er ein profesjonshøgskule eksisterer det allereie gode akademiske miljø. Desse fagmiljøa vil gagnar dei studentane som oppsøkjer arbeidslivsretta utdanningar og profesjonsstudium. Dette er fordi den utdanninga dei tar er grunna i forsking og førstekompetanse, men like fullt eit nært samarbeid med arbeids- og næringslivet og praksisfeltet til profesjonsutdanningane våre. 

Det vil krevja ein solid og vedvarande innsats frå HVL å halda på arbeidslivsrelevansen og profesjonsprofilen vår, ettersom førstekompetanse også inneber lengre akademiske løp og derfor potensielle tap av ny empirisk kunnskap frå arbeidslivet dei fagtilsette ved institusjonen vår skal utdanna studentar til.

Dette er me fullt klar over, og derfor arbeider me systematisk for å sikra at våre fagtilsette både har teoretisk kompetanse og erfaringar, og kunnskapar frå praksisfelt og arbeidsliv, til dømes gjennom mangfaldige samarbeidspartnarar i privat og offentleg sektor. 

Etter strukturreforma i sektoren la ein opp til at høgskulane kunne bli universitet med meir spissa profilar. Det er det med siktar oss inn mot. Reforma mana til at mindre institusjonar skulle slå seg saman til større einingar og danna større fagmiljø, samstundes som rammevilkåra til styresmaktene i Kunnskapsdepartementet endra seg til å lønna dei institusjonane som driv med meir av det som universiteta driv med. 

Det faktum at høgskular ønskjer å bli universitet har dessverre skapa ei misforståing om at alle universitet skal vera like i det me driv med. HVL søkjer ikkje å bli eit breiddeuniversitet slik mange ofte assosierer med universitetsomgrepet, men eit nytt profesjons- og arbeidslivsretta universitet som Vestlandet og Noreg treng.  

Å bli eit universitet er litt som å leggja seg om kvelden; ein må prøva å sova for at ein skal sovna. På same måte skal HVL operera som eit universitet for å bli eit universitet. Dette gjer me allereie på mange område.

Høgskulane har dessverre fleire avgrensingar, til dømes at dei ikkje sjølve kan akkreditera alle studieprogramma dei sjølve ønskjer. Ved å «utvida akademia», slik Studvest skriv, sikter me faktisk høgare for å kunna vera ein pådrivar for profesjonsutdanningane og det framtidige arbeidslivet, utan hindringar som forseinkar kunnskapsproduksjonen vår og studieprogramutviklinga, særleg på master og ph.d.-nivå. 

Vidare er universitetsstatusen eit bevis på kvalitetssikring og eit stempel på det gode arbeidet som allereie går føre seg på høgskulen. Det bør møtast med entusiasme når Høgskulen på Vestlandet har ein ambisjon om å vera best på det me gjer. 

Me leikar ikkje akademisk institusjon, og me blir ikkje eit universitet berre for syns eller moro skuld!

Powered by Labrador CMS