2030 ocean: Møteplassen for havstartups og unge gründerar

På StartupLab vart det måndag 7. april arrangert 2030 Ocean. Der fekk nye gründerar leggje fram forslag til globale investorar og industrileiarar. 

MINGLING: Stor del av arrangementet bestod av mingling mellom investorar og gründerar.
Publisert Sist oppdatert

På 2030 Ocean blir næringslivet kopla opp mot det nyaste innan grøn havteknologi for å nå klimamåla som er sett til 2030. På scena blir klimakrisa og den pressa tida vil leve i adressert, likevel eksisterar det potensial. 

Patriotismen i Bergen

Erna Solberg, tidlegare statsminister, var blant dei som prata om oppstart av nye bedrifter og innovasjon. I hennar tale var det fokus på Bergen, patriotisme og politikk.

BERGEN: Erna Solberg ønskjer å satse på oppstartsbedrifter i Bergen.

– Bergen er kjend for sin patriotisme og ein viktig del av dette er å krevje ære for suksessen til bedriftene i regionen vår. Bergen har den perfekte ramma for å diskutere korleis vi kan skape meir moglegheiter for oppstartsbedrifter, spesielt med fokus på havnæring.

– Å starte ei bedrift er hard jobb, tomme lønnsslippar og ingen tid til fridagar eller garanti for suksess. Berre ein av ti vil lykkast, fortel ho og legg til at ho ønskjer å lage betre rammeverk for dei som ønskjer å starte opp bedrifter.

Meir praktisk læring

Studvest har tatt ein prat med Nora M. Strütt, som fortel om sin kvardag i arbeidslivspraksis hos StartupLab.

– Under dette arrangementet har vi i grunn ansvar for alt, frå lyd og lys, til planlegging og invitasjonar. Eg er takknemleg for at UiB har gitt meg moglegheita til å få denne praktiske erfaringa. No er eg ikkje lenger redd for kva som møter meg i arbeidslivet. 

PRAKTIKANT: Nora Margrete Strütt jobbar i Startuplabb

Vidare påpeikar ho at UiB burde satse meir på praktisk læring i staden for teoretisk.

– Innanfor media- og kommunikasjonsbransjen er det mykje praktisk, men vi lærer mest teoretisk, så eg føler ikkje vi blir veldig godt førebudd på det verkelege arbeidslivet, med mindre ein blir praktikant.

Strütt fortel at det har vore lange arbeidsdagar.

– Førrige veke jobba eg 12 timar i fire dagar. Eigentleg skal vi jobbe åtte timar, tre dagar i veka.

Strütt legg til at dei er både heldig og uheldig i at dei får vere i ei bedrift der ein må ta mykje ansvar.

Ho understrekar likevel at studentar ikkje burde vere redd for å søke arbeidslivspraksis.

– Denne moglegheita burde ein ikkje ta for gitt. For mange er dette første møte med arbeidslivet innanfor den sektoren ein skal jobbe i etter kvart. Det er viktig å alltid vere open, blid og hyggeleg, så ordnar resten seg. Du veit aldri kven du kan lære av. Det verkar skummelt i byrjinga å møte folk som er profesjonelle og har jobba lenge i bransjen, men du kan alltid noko som dei ikkje kan og motsett.

Unge gründerar 

Blant mange gründerar som ønskje å satse er Hermann Schips, CEO i Kelpinor.

– Eg er her i dag for å møte kapital. Eg skal opp på scena og deretter kan dei som er relatert til familieeigde investeringsselskap i salen, komme bort for å sjå nærmare på selskapet. 

Vidare fortel Schips at arrangementet er ein bra plass der unge gründerar kan gi kvarandre tips.

TANG: Hermann Schips på scena for å leggje fram sin idé om tang.

– Mine tips til studentar som ønskjer å starte opp noko nytt er berre å hive seg ut i det. Det kan by på hovudverk og det er ikkje alltid gøy, men oppturane gjer alt verdt det. Det fine med Noreg er at man nesten kan gå til kven som helst og stille spørsmål. Derfor er det viktig å møte opp på arrangement som dette for å bli kjend og bygge nettverk i bransjen.

Vidare fortel Schips at berekraftsmåla har blitt snakka for lite om.

– Eg har lyst å snakke om korleis ein bygg opp profitable selskap som også er berekraftige. Å tene pengar er det viktigaste, men målet burde vere å byggje eit profitabelt selskap som er berekraftig. 

GRÜNDER: Sander Henriksen droppa ut av BI for å satse som Gründer.

Saman med Schips står Sander Henriksen, dagleg leiar for Nordic USV AS, som droppa ut av BI for å satse fullt som gründer.

– Om det lønner seg gjenstår å sjå. Målet vårt i dag er å kome i kontakt med investorar og kundar. Ein må starte ein plass og ting er som regel ikkje så farleg som det ser ut, fortel Henriksen.

FYSIKK: Kjartan Nesse tok fysikk utdanning på UIB.

Kjartan Nesse, CEO i Sensa, tok sin utdanning ved UiB og fortel at denne utdanninga har vore med på å forme han til den han er i dag.

– Ein må alltid våge å prøve, men det er lurt med ein plan B. Det er viktig å ikkje ta seg sjølv så høgtideleg, for det er mykje som kan gå galt og ikkje alltid som ein ønskjer, i ein oppstart.

Powered by Labrador CMS