Nyhet

– Mange studentar godtar avtalar som eigentleg ikkje er innafor

I 50 år har Jussformidlingen tilbydd gratis rettshjelp. No vil dei hjelpe enda fleire studentar.

SÅRBAR GRUPPE. Dagleg leiar i Jussformidlingen, Michelle Danker, peiker på at fleire nye studentar i Bergen tek mange kampar sjølve.
Publisert Sist oppdatert

I eit av dei kvite husa på Sydneshaugen har Jussformidlingen kontor. Her arbeidar jusstudentane fulltid for å gi gratis rettshjelp. Dagens statlege ordning tilbyr hjelp til dei svakast stilte, men likevel er det mange som treng rettsleg bistand. 

I 2021 behandla Jussformidlingen 5946 saker. Saman med andre rettshjelpstiltak er det dei som lappar på manglane i dagens rettshjelpsordning.

– Målet vårt er å fange opp dei som ikkje blir omfatta av den vanlege ordninga, men som fortsatt ikkje har råd til advokat eller anna rettsleg hjelp. Det er mange som treng hjelp, fortel dagleg leiar Michelle Danker

På loftet arbeidar saksbehandlarane tett i tett og det er god stemning på kontoret. I 2022 feirer Jussformidlingen 50 år og i dag er det første jubileumsmarkering. I det høvet har dei fått besøk av byråd for arbeid, sosial og bolig, Ruth Grung.

Sterke inntrykk

– Du er ganske sårbar som ny student i Bergen og desse vil vi gjerne hjelpe, fortel Danker.

16 prosent av klientane Jussformidlingen hjalp i fjor, var studentar. I tillegg til dette er det mange som ringer inn med spørsmål dei lurer på.

– Vi opplever ofte at studentar er litt tøffare og tek litt fleire kampar sjølve. Mange av dei er veldig nøgde med ein telefonsamtale der dei får stadfesta noko dei lurar på. 

SÅRBAR GRUPPE. Dagleg leiar i Jussformidlingen, Michelle Danker, peiker på at fleire nye studentar i Berge tek mange kampar sjølve.

Studentar tek gjerne kontakt med Jussformidlingen så dei kan sjå over leigekontraktar, arbeidskontraktar og forhold knytt til Lånekassen eller utdanningsinstitusjonar.

– Veldig mange studentar godtek avtalar med leigetakarane sin som eigentleg ikkje er innafor. Ikkje alle leigeavtalar er i samsvar med lova, men som student godtek du det fordi du vil bo i kollektivet eller ha rommet.

Målet vårt er å fange opp dei som ikkje blir omfatta av den vanlege ordninga, men som fortsatt ikkje har råd til advokat eller anna rettsleg hjelp.

Fleire har også depositum som ikkje står på ein depositumskonto. Det er ikkje lovleg, kan Danker fortelle.

– Folk veit ikkje alltid kva slags rettar dei har og kva dei har krav på. Vi vil nå ut til studentar og andre grupper slik at vi kan belyse kva vi  kan hjelpe til med, seier Danker.

Vil nå ut til studentane

For mange av jusstudentane er dette første praktiske erfaring med jussen. Her får dei juridiske spørsmåla for første gang eit ansikt. Anne-Sofie Sæve er ei av dei som arbeider her.

– I løpet av studiet har fokuset først og fremst vore på drøftinga og korleis vi kjem fram til konklusjonen. No opplever vi at det er  konklusjonen som er det viktigaste. Vi vil sjølvsagt at personer skal få medhald i saken sin, seier ho.

KONTOR. På loftet arbeidar saksbehandlarane tett i tett og med god stemning på kontoret. I høve jubileumet er byråd Ruth Grung (t.v) på besøk.

I saksbehandlinga møter dei mange ulike personer og historier. Sjølv om Jussformidlingen kan hjelpe dei, kan den rettslege prosessen vere tung og krevjande. Ikkje alle vel å anmelde til slutt, fortel Danker og leggjer til:

– I arbeidet vårt prøver vi å bøte på det skeive maktforholdet. Vi ser dessverre at mange slepp billeg unna fordi personer ikkje tør eller orkar å ta den kampen, til tross for at vi skal vere der å hjelpe dei best mogleg.

Powered by Labrador CMS