Nyhet
Nytt samarbeid for å unngå drikke- og sexpress i fadderveka
I år har fadderstyra ved dei fire største høgare utdanningsinstitusjonane i Bergen starta samarbeid om arrangeringa av fadderveka 2019. – Trist at det er nødvendig med kontrakt, meiner tidlegare og kommande fadder.
Planlegginga av fadderveka 2019 er i gong, og i år har fadderstyra ved Norges Handelshøgskole (NHH), Universitetet i Bergen (UiB), Handelshøyskolen BI, og Høgskulen på Vestlandet (HVL) valt å samarbeide. Dei har kome fram til fire felles køyrereglar som gjeld fadrane ved alle skulane. VID vitenskapelig høgskole, Høyskolen Kristiania (HK) og NLA har også stilt seg bak desse.
Prosjektleiar ved NHHS Kjernestyret, Hanne Sofie Nygaard, og fadderkoordinator ved HVL, Silje Marie Backmann Gullerud, fortel at skulane arrangerer sine eigne fadderveker basert på retningslinjene frå dei felles køyrereglane.
Køyrereglane er som følger:
- Obligatorisk fadderopplæring.
- Obligatorisk fadderkontrakt.
- Opplyse fadrar om maktforhold mellom fadder og fadderbarn, og oppfordre fadrar til å unngå seksuell kontakt med fadderbarn, eventuelt vente til fadderveka er over.
- Unngå drikkepress ved å ha alkoholfrie alternativ på vorspiel, arrangere alkoholfrie kvelder som tacokvelder, og unngå leiker der ein må drikke alkohol.
Vil opplyse, ikkje forby
Sjølv om fadrane blir oppfordra til å unngå seksuell kontakt med fadderbarn under fadderveka, vil det ikkje vere forbudt.
– Me ser ikkje poenget med å innføre eit forbod, og tenker det er viktigare å opplyse fadrane om maktforholdet mellom fadder og fadderbarn slik at dei skjønner kvifor dei skal unngå seksuell kontakt.
For å unngå drikkepress skal fadrane få delt ut ei liste med leiker der ein ikkje konsumerer alkohol. Slik vil dei unngå klein stemning, og dei meiner det sett terskelen for å starte drikkeleiker høgare.
Innfører obligatorisk opplæring og kontrakt
NHH, BI, HK og UiB har innført obligatorisk fadderopplæring og fadderkontrakt tidlegare, medan opplegget er nytt ved HVL, VID, og NLA.
Formålet med dette er å gjere det klart for fadrane kva rolle og ansvar dei har ovanfor sine fadderbarn.
Skulane skal arrangere opplæringa kvar for seg, men også samarbeide og rådføre seg med dei andre skulane for å få opplæringa meir samkøyrt.
Samarbeidet med politiet vil fortsette i år også.
Klipp armband
Konsekvensane av å bryte fadderkontrakta kan variere frå skule til skule, men Nygaard fortel at NHH, UiB og HVL har tradisjon for å klippe faddervekebanda. Ved grove overtredelser kan fadrar ved NHH bli utestengt frå sosiale hendingar og arrangement.
– Me har ein vakttelefon som er open døgnet rundt, der folk kan melde frå om uheldige eller ubehagelige hendingar, i tillegg til at me er tilgjengelige på kontor på skulane slik at folk kan kome og melde frå, fortel Gullerud.
I ettertid av fadderveka vil dei sende ut spørreskjema der fadderbarn og fadrar kan melde frå om forbetringspotensial, eller ubehagelige og uheldige hendingar.
– Synd at kontrakt er nødvendig
Lektorstudenten i historie ved UiB, Mina Kristiansen, var fadder for to år sidan og skal vere fadder igjen i år. Dette blir hennar fjerde fadderveke.
Ho skreiv ikkje under på ein kontrakt første gong ho var fadder, og meiner det er synd at det er nødvendig for fadrane å signere ein kontrakt sjølv om ho er positiv til det.
– Det er litt trist at ein er nødt til å skrive under på ei kontrakt for å skjønne kva det inneber å vere fadder, og for å vite korleis ein skal oppføre seg. Det burde vere sjølvsagt.
– Bra å opplyse om maktforholdet
Kristiansen har tidlegare vore med på fadderopplæring, men der fekk dei ikkje klar informasjon om maktforholdet mellom fadder og fadderbarn, og meiner det er bra at dette er noko dei skal legge vekt på i år.
– Mange nye studentar er ofte litt usikre og ønsker å gjere eit godt inntrykk, og då kan det vere lettare å bli reve med og gjere ting ein eigentleg ikkje ville gjort.
Kristiansen fortel at ho ein gong opplevde at ein fadder utfordra eit fadderbarn til å strippe av seg klærna sine på eit vorsj. Fadderbarnet hadde på seg «leiartrøya», som blir gitt til den personen som viser engasjement og spreiar god stemning, og derfor kunne andre gje denne personen utfordringar.
– Dei andre fadrane reagerte, og eg ga beskjed om at eg syns det gjekk over grensa. I slike situasjoner tenker eg at det hadde vore bra med klarare retningslinjer.
Fadderveka er for alle
Medier og kommunikasjonsstudent Harald Nilsen skal vere fadder for første gong i år, og ser positivt på dei nye køyrereglane.
Sjølv var han fadderbarn i fjor, og fortel at han merka eit indirekte drikkepress då det blei haldt drikkeleiker, då det oppfordrar til å drikke i eit visst tempo.
– Drikkeleiker kan fortare føre til ubehagelige situasjoner, og gjennom å arrangere alkoholfrie leiker vil også dei som ikkje drikk også føle seg meir inkludert. Fadderveka skal vere for alle, seier Nilsen.
Lektorstudent Kristiansen er einig.
– Det er kjekt å bli kjent gjennom andre leiker enn drikkeleiker, særleg om det er gruppearbeid, sjølv om folk kan vere med på drikkeleiker utan å drikke alkohol.