Ønsker fleire kjøttfrie alternativ i Sammen-kantinene
Saman har tidlegare innført kjøttfrie måndagar, men etter negative tilbakemeldingar har ordninga blitt redusert.
– Eg synast vegetartilbodet på Studentsenteret er bra, særleg om du er pescetarianer, altså om du et fisk, men alternativa i dei mindre Sammen-kantinene er nok dårlegare, seier studenten Michelle Iversen Badiane frå det humanistiske fakultet (HF).
Utanfor Det samfunnsvitskapleg fakultet (SV) på Universitet i Bergen sit det ein gjeng med studentar og et lunsj. Studentane Rebecca Hill og Malene B. Teigland ser fleire problem med utvalet av vegetaralternativ i SV-kantina.
– Eg kan ikkje sei at vegetaralternativa i SV-kantina er kjempebra, akkurat, seier Hill.
Deira inntrykk er at det, utanom salatbaren, som regel berre er eit alternativ av påsmurte rundstykke utan kjøtt. Hill trekk fram kor enkelt det er å ikkje supplere rundstykket med kjøttpålegg.
Vidare fortel ho at ho prøver å kutte ned på kjøttinntaket, og ser eit potensial for betring i Sammen-kantina på SV. Medstudent Malene B. Teigland vektlegg at ho et kjøtt, men seier seg framleis einig.
– Det skal ikkje mykje til for å gjere vegetaralternativa meir attraktive. Ostebriksane, til dømes, kunne godt inneheldt meir enn berre brød, smør og ost.
– Vegetaralternativ ville vore prioritert i Tyskland
Dei tyske utvekslingsstudentane, Floreana Miesen og Danieia Walch, er begge vegetarianere, men kjøper sjeldan mat frå Sammen-kantinene på grunn av økonomien.
– Utanom tacofredag, seier Walch og ler.
Sjølv om dei ikkje er nokre av Sammen sine stamkundar, meiner Walch at eit auka og betra sortiment av veganske og vegetariske tilbod kunne ført til at fleire studentar hadde valt vekk meir kjøtt, egg og meieriprodukt.
– Eit godt utval av kjøtt-, egg- og meierifrie tilbod hadde vore ein prioritert sak i studentutvala i heimlandet, seier Walch.
SiO bruker kjøtterstatninger
Studentsamskipnaden i Trondheim har ekstra stort utval av vegetarretter på måndagar, og i Oslo har studentsamskipnaden (SiO) blant anna invitert vegetarianere og veganere til idémyldring for å finne kjøtt-, egg- og meierifrie menyer. I ein e-post til Studvest skriv direktør for SiO Mat og Drikke, Steffen Greff, at dei ser at miljøfokuset hos studentane aukar og at fleire veljar bort kjøtt.
– Mange veljar å bli vegetarianar, veganar eller fleksitarianer som veljar bort kjøtt, fisk og meieriprodukt når dei kan og vil. Mange opplever at det er vanskeleg å finne produkt som kan erstatte mat av animalsk opphav og da er vår oppgåve å finne gode plantebaserte erstatningar, skriv Greff.
SiO har teke i bruk kjøtterstatningar og utfordra andre leverandørar til å tydeleg merke produkt som er veganske eller vegetarianske, slik at dei er lette å finne.
Vil legge til rette
Saman har tidlegare prøvd seg på kjøttfrie måndagar, men etter fleire negative tilbakemeldingar frå kundar har dei valt å redusere det til ein måndag i månaden.
– Forbrukarane vil ha moglegheita til å velje kva dei skal ete sjølv. Det blir opp til dei dagleg ansvarlege å legge til rette menyen etter etterspørsel og tilbakemeldingar frå kundane, fortel Hilde Beate Daland, driftsleiar i Sammen Mat og Drikke.
Vidare seier ho at ho har spurt SiO om råd når det kjem til vegetar- og vegantilbod. SiO har gitt tilbakemelding, men på grunn av prosjektet er under utvikling så kan Sammen først få nytte for det når det er heilt ferdig.
Daland ser også at det er eit behov for kjøttfrie meny-alternativ, og fortel at alle kantinene til Sammen skal ha alternativ til måltid utan kjøtt. Ho oppmodar likevel studentane til å ta kontakt med dei som arbeider i kantinene om dei ser manglar.
Men kva gjer dykk om dette ikkje blir følgd opp?
– Då ville me snakka med dei som er ansvarlege for den dagleg drifta av kantinene, og undersøke kva tiltak som kan gjennomførast for å betra tilbodet av kjøttfrie alternativ, avsluttar ho.