Rekordhøg etterspørsel etter fagskulekompetanse: – Dette har me visst lenge, seier rektor
Tall frå Kompentansebarometeret viser at kompetanse frå yrkesfag og fagskule er høgt etterspurd. For rektor Torbjørn Mjelstad på Fagskulen Vestland er resultata inga overrasking.
NHO-undersøkinga Kompetansebarometeret frå 2021 avdekkjer eit høgt behov for kompetanse i medlemsbedriftene deira i Vestland. Over 58 prosent av bedriftene som deltok i Vestland oppgjer eit behov for å rekruttere nokon med fagskule-utdanning.
– Dette har me visst lenge. Bedriftene i Vestland har år etter år gitt oss same beskjed – dei manglar yrkesfagkompetanse. Det er ikkje folk med mastergrad dei treng, men folk som kan vere med å utvikle produksjonen deira. Kompetansen ein får gjennom ei fagutdanning er gull verd for dei, seir Torbjørn Mjelstad.
Han er rektor ved Fagskulen Vestland. Sjølv om behovet er veksande, understreker han at det er ei positiv utvikling for fagskulane no.
Frå 2019 til 2021 auka antal primærsøkjarar hjå det som før utgjorde Fagskulen Hordaland frå 1103 til 1503, opplysar rektoren.
– Det er ein ganske stor auke på tre år. I 2016 satt regjeringa i verk ein stor profesjonalisering av heile fagskulesektoren, noko som gjer oss meir synlege og meir attraktive, seier han.
Mjelstad legg til at samarbeid med næringslivet ikkje kan snu skuta åleine. Han meiner kapasiteten til fagskulane må styrkast for å kunne halde følge med det veksande behovet for fagskulekompetanse.
– Om fagskulane no får den veksten dei bør få framover, kan dette snu. Ein føresetnad er at det blir løyva midler til nye studieplassar. Fram til det skjer kan me ikkje auke tilbodet vårt, sjølv om me ser behovet for det.
Undervurdert
På bygget til Fagskulen Vestland på Nordnes har eit knippe teknikk-studentar trukke ut i kantina for å diskutere ei oppgåve dei heldt på med. Dei er alle i arbeid ved sidan av studiene.
– Det er hardt, spesielt når ein jobbar i tillegg. Så håpar me det er verdt det etterpå, seier Michelle Glesnes.
Amund Eggestveit meiner at fagskulen har vore undervurdert samanlikna med høgskule og universitet.
– Eg trur det er meir likestilt no. Eg ser at ein kompis som tek ingeniørutdanning på høgskule, har same pensum som oss, så vår utdanning bør jo vera likeverdig, seier han.
Glesnes meiner også at arbeidsgjevarar må legge meir til rette for kompetanseheving.
– Eg jobba i ein stor bedrift tidlegare. Dei heia veldig på vidareutdanning, men dei bidrog ikkje med nokon støtte. Berre ord.
Trass eit hardt studieløp anbefalar dei fagskule for dei som vurderer det.
– Det er berre å pøse på. Jo meir kompetanse, desto betre, konstaterer Sven Seldal før Glesnes skyt inn at det jo er kjekt og, trass i slitet.
Fagskulane i framtida
På kontoret rett nedi gongen ser rektor Mjelstad for seg ei framtid der fagskulane vert meir attraktive.
– No trur eg me er i ein brytningsfase for korleis me ser på balansen mellom tradisjonelle universitetsutdanningar og samfunnet sine behov på andre område.
Mjelstad peiker på at me med pandemien og uroen i Europa har sett at fleire sektorar nærmast stoppar opp når arbeidsinnvandrarar blir borte.
– Det har gjort det veldig tydeleg kor sårbare me er. Då hjelper det ikkje å utdanne fleire byråkratar. Me må ikkje gløyme at nokon må bygge hus.
Samstundes medgir rektoren at framtida har vorte vanskelegare å spå. Fagskulane står i spagat mellom ei grå samtid og ei grøn, men uklar framtid.
– Det er vanskeleg å sette opp eit studietilbod når me har så store endringar og samstundes ikkje har sagt farvel til det gamle. Og kva er det nye? Havvind? Batteri? Ingen veit, eigentleg, seier han.
Men Mjelstad har tru på fagskulane i ei grønare framtid. Han trur meir generelle fagutdanningar kan gjere slike overganger meir smertefrie.
Ei framtid med for mykje fagkompetanse ser han imidlertid ikkje for seg.
– Tek ein denne undersøkinga igjen om ti år vil nok næringslivet seie at dei framleis manglar kompetanse, men forhåpentlegvis vil talet for Vestland vere mykje lågare enn 58 prosent.
- Les også: 79 nye studentboliger i Bergen
- Les også: Mener kjørelærerens oppførsel var grenseoverskridende