Sandra skal leie Studentparlamentet det neste året
Sandra Amalie Lid Krumsvik er valt som ny leiar i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen.
Måndag kveld vart det gjennomført val i Studentparlamentet (SP-UIB). Kandidatar skulle veljast til ulike styrer og utval ved Universitetet i Bergen (UiB).
Den gjevaste tittelen gjekk til noverande nestleiar i Arbeidsutvalet (AU), Sandra Amalie Lid Krumsvik. No skal ho ta over etter Andreas Trohjell som leiar, og styre Studentparlamentet det neste året.
Med seg får ho nestleiar Martine Jordana Baarholm, og AU-medlem Kristoffer Eik og Petter Steensnæs Morland.
Saman skal desse fire jobbe for politikken som Studentparlamentet vedtar det neste året.
– Store sko å fylle
– Det var heilt surrealistisk å våkne i dag og vere nyvalt leiar! Ein finn sjeldan så store sko som skal fyllast, så det er med stor audmjuke at eg tar over etter Andreas, fortel den nyvalte leiaren smilande.
– Kva er den største ulikheita mellom deg og Andreas?
– Den største ulikheita er at eg kjem til å ha eit meir internt fokus. Eg ser at organisasjonen vår har bruk for ein tydeleg organisasjonskultur, og å få nedsatt dette i parlamentet trur eg blir veldig viktig for oss i AU.
– Kva type leiar er du?
– Eg er ein visjonær leiar, eg er ikkje redd for å seie frå, eg likar struktur, og ikkje minst er eg nytenkjande og open for nye idear.
Krumsvik fortel at ho er veldig fornøyd med medlemma ho skal jobbe med i AU det neste året.
– Eg har veldig stor tru på oss som AU og alt me kjem til å få til, seier ho.
Sjølv fortel ho at ho ser fram til ein annleis og spennande periode.
– Eg ser fram til nye vennskap, ny erfaring. Eg har hatt ei bratt læringskurve som nestleiar, og det trur eg også denne blir. Heldigvis tar eg med meg mykje frå det vervet også, seier ho.
Vil sjå på den psykiske helsa
– Det er ein veldig spesiell periode å skulle tre inn i, så det første eg kjem til å merke som studentleiar er å få studentane tilbake på campus. Eg trur det blir det største fokuset vårt akkurat no. Me gler oss til å ynskje dei nye studentane velkommen til hausten.
Krumsvik trekk fram spesielt ei sak som hu trur kjem til å bli viktig i perioden ho skal leie Studentparlamentet.
– Det blir veldig viktig å kome seg tilbake til ein kvardag me kjenner til, å kome tilbake i rutinar igjen. Dette med psykisk helse har gått veldig utover studentane våre under koronapandemien, så det blir viktig å ivareta, kartleggje og sjå kor me kan setje inn tiltak for det, for det er uten tvil noko studentane har blitt veldig hardt ramma av i denne perioden.