Studentar kan vere ein del av løysninga

Uformelt, humoristisk og lågterskel: Studentnach med miljøvernministeren tidligare i februar inneheldt «tull og tøys» og politisk debatt med seriøs tematikk.

PÅ BESØK: Miljøvernministeren Andreas Bjelland Eriksen (Ap) har tatt turen til Bergen for å diskutere klimapolitikk med panelleiar Kine Nossen, Sivert Bjørnstad (FrP), Sofie Marhaug (Rødt) og Ane Breivik (V).
Publisert

Onsdag 5. februar var miljøvernminister Andreas Bjelland Eriksen i Bergen for å delta på studentnach, i tråd med Berekraftskonferansen 2025. Studentnachet i regi av Studentparlamentet ved UiB og NSO (Norsk Studentorganisasjon), er eit av arrangementa under Day Zero 2025. 

Studentnachet er ein debatt med låge skuldre som stillar spørsmål ved om studentar og høgare utdanning har ansvar for klima. I panelet sit miljøvernminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap), panelleiar Kine Nossen, Sivert Bjørnstad (FrP), Sofie Marhaug (Rødt) og Ane Breivik (V). 

Fullsett sal

Storelogen på Kvarteret er fullsett, både av rektorar frå ulike utdanningsinstitusjonar og studentar som ønskjer å sjå kva politikarar pratar om på nach. Salen er spent på kva dystre tema som skal presenterast, både om Trump, atomkraft og klimamål.

– Berekraft er eit viktig tema å adressere fordi studentane kan vere med å gjere mykje og fordi vi treng eit push for å få regelverk, fortel miljøvernminister, Andreas Bjelland Eriksen.

Kor godt kan dykk eigen politikk? 

For å halde debatten på eit lågterskel nivå, får publikum tildelt politikarbingo som skal vere til skrekk og advarsel for politikarane. Vidare er det også stor debatt om kven som tar fly og kven som tar tog for å vere berekraftige, med konklusjonen om at politikarane må vere flinkare å ta tog.

«Drikkeleiken» om kor godt politikarane kjenner sin eigen politikk slår godt an med god variasjon av rette og gale svar. Målet for leiken er å finne ut om politikarane verkeleg ønskje å vere miljøvernminister. 

Studentar som ein del av løysninga 

Frå spøk til alvor, svarar miljøvernminister Andreas Bjelland Eriksen til Studvest at han ønskjer at denne lågterskeldebatten skal vere med på å engasjere studentar i klimapolitikken. I tillegg til å skape ei bevisstheit rundt klima, ressurssløsing og korleis studentar kan vere ein del av løysinga. 

 – Det aller enklaste ein kan gjere er å ta meir bevisste val. Eit par gode tips er å sjå etter svanemerket på produkt, samt at når det kjem til tekstilkjøp leiter ein etter brukt og ikkje kjøper frå aktørar som Temu og Shein eller andre kinesiske billigprodusentar, fortel han. 

KJØP BRUKT: Klima- og miljøvernminister, Andreas Bjelland Eriksen, trekker fram at å handle brukt kan bidra positivt.

Vidare forklarar han at matsvinn er eit stort problem, men at studentar er flinkare enn folk flest. 

– Det kan vere lurt å planlegge innkjøp av mat og sørgje for at du har ein idè om kva du skal ete, slik at ein får ete opp det ein har i kjøleskapet, seier han. Han legg til at dette er viktig for klima, men også for lommeboka. 

Bekymra for manglande interesse 

– Eg er bekymra over at mange er mindre interessert i klima og ikkje skjønnar kor viktig den eigeninnsatsen kvar enkelt person skal gjere i yrkeslivet er, for å klare omstillinga ein skal igjennom - nemleg å vere eit lavutsleppssamfunn innan 2050, fortel miljøvernministeren. 

Han påpeikar at dei fleste som tek utdanning i dag, kjem til å jobbe i eit samfunn som utviklar seg mot dette målet. Han meiner derfor at utdanningsinstitusjonane har ein jobb med å informere og lære bort gjennom utdanningane, og lære bort korleis ein kan vere med og gi eit positivt bidrag.

– Vi veit mykje om klimakrisa og endringane som skjer, men mange av løysingane har vi ikkje i dag, og dette er det berre forsking som kan vere med på å løyse, seier han. 

Beklageleg med Trump 

Eriksen poengterer at regjeringa har gjort mykje innanfor klimapolitikken dei siste åra, sjølv om det kan verke fastlåst. 

– Om ein ser på situasjonen er det enkelt å sjå at Noreg flyttar seg i rett retning, dersom ein ser på klimakontrollen. Vi lover å fortsette å styrke klimapolitikken aleine i regjering. Vi håper på eit breitt fleirtal om norsk klimapolitikk når Arbeiderpartiet skal legge fram nye klimamål og ei ny klimamelding i løpet av våren, fortel han og vektlegg at det er ein ambisiøs, men realistisk klimapolitikk som trengs for å omstille oss. 

Avslutningsvis fortel han at Noreg er eit lite land i ei stor verd, men at Noreg kan vere med å påverke og må derfor vere meir offensive og ambisiøse i det internasjonale klimasamarbeidet.

– Det er sjølvsagt beklageleg at Trump valte å trekke USA ut av Parisavtalen i ei utrygg og usikker tid, men internasjonalt arbeid fortsetje å vere like viktig, smilar han.

Powered by Labrador CMS