Nyhet
Vil ha ei ny undersøking av levekåra til studentar
– Ein kan ikkje fatte politiske vedtak basert på ei ni år gammal undersøking.

6. april vart Marte Øien vald som ny leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO). Når ho tek over leiarvervet 1. juli seier ho at ho vil jobbe for å samle organisasjonen, som vart danna i 2010 etter samanslåinga av Studentenes Landsforbund og Norsk Studentunion, i større grad.
– Det er styrke i å vere mange, og vi må bruke dei utrulig dyktige menneska som er i organisasjonen, seier ho.
Øien vil også jobbe for å få gjennomført ei ny levekårsundersøking blant studentar, noko som ikkje har vore gjort sidan 2010.
– Ein kan ikkje fatte politiske vedtak basert på ei ni år gammal undersøking. Med ein ny undersøking vil vi få eit godt og oppdatert grunnlag for å jobbe for til dømes betre studentøkonomi, økt studiekvalitet og fleire studentbustadar.
– Merkar at vi finnast
NSO har tidlegare vorte kritiserte for å vere for lite synlege for studentar. Øien seier at studentane uansett skal merke arbeidet organisasjonen gjer.
– Mange veit nok om NSO, men ikkje alle. Det er viktig at studentane veit kva vi gjer, men uavhengig av om dei veit det eller ikkje merkar dei i alle fall at vi finnast, mellom anna gjennom at vi er i opptrapping til 11 månaders studiestøtte.
- Les også: UiB valgte å ikke lytte til studentene
– Studentpolitikk er ein maraton
Jobben som leiar skal Øien ha i eitt år. Sjølv om ho gjerne skulle hatt meir tid i jobben, seier ho at arbeidet dette året også handlar om å leggje til rette for den vidare drifta av organisasjonen.
– Det er klart at det er vanskeleg å oppnå politisk gjennomslag i løpet av eitt år. Studentpolitikk er ein maraton og ikkje ein sprint, og arbeidet handlar like mykje om å leggje eit godt grunnlag for dei som skal ta over.
Øien har det siste året vore nestleiar i organisasjonen. Ho trur denne erfaringa kan komme godt med når ho skal ta over som leiar.
– Det er nok absolutt en fordel å vere kjent med dei politiske prosessane og ha god kjennskap til korleis organisasjonen driftast. Då kan ein vere meir i forkant av prosessane, og meir klar for uventa ting som dukkar opp, seier ho.