UiB må kutte all forsking på olje
At Universitetet i Bergen får 70 millionar kroner til forsking frå Equinor strid mot universitetet sitt arbeid for å stoppe klimaendringane.
Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.
FNs miljøprogram lanserte onsdag 13. mars ein ny miljørapport, GEO-6, som tek for seg den samla miljøstatusen til kloden vår. Her kjem det fram at seks til sju millionar menneske døyr tidlegare kvart år på grunn av forureina luft. I 2018 kom FNs klimapanel med ein rapport som gjorde det klart at land er nøydd til å forme og utføre tiltak på rekordtid, men i praksis ser lite ut til å bli gjort. Noreg fortsett å bore etter olje, og framtida – representert av universiteta – ser ikkje ut til å stanse denne prosessen.
Universitetet i Bergen (UiB) skal vere leiande innan «Klima og energiomstilling» og hevdar at dei allereie svarer til ein del av FNs klimamål (SDGs) som skal vere oppnådd innan 2030. I desember i fjor skreiv rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, under på ein ny akademia-avtale med Equinor, der universitetet blir støtta med 70 millionar kroner til forsking over ein periode på fem år. Store delar av desse pengane skal gå til forsking på fornybar energi, noko som er vel og bra, men framleis er det pengar igjen til forsking som potensielt kan bidra til meir oljeutvinning. Dette er ikkje bra nok for eit universitet som hevdar at dei blant anna støtter FNs berekraftmål om «Rein energi for alle» og om å «Stoppe klimaendringane».
Som stipendiat ved UiB, Thor Olav Iversen, seier om UiB til Khrono er det «en stor motsetning i at Universitetet i Bergen slår seg opp på bærekraftsretorikken i egenskap av å skulle innfri bærekraftsmål, og samtidig inngår avtaler om forsking på teknologi som har som effekt at den kan føre til meir oljeutvinning». Det skal seiast at Equinor, tidlegare Statoil, er i ei omstillingsfase der dei har endra profil frå å vere eit oljeselskap til å vere eit selskap som satsar meir på fornybar energi. Dette meiner eg så klart er ei positiv utvikling. Problemet er at slik situasjonen er i dag, er det nødvendig med radikale tiltak om FNs klimamål skal bli innfridd innan 2030. At UiB då skal fortsette å bruke ressursar til å forske på oljeutvinning, gjev grunnlag for kritikk.
Om UiB skal innfri FNs klimamål innan 2030 må dei handle no. Ja, i nokre situasjonar må ein vere strategiske, og eg skjønar at momentant avvikling av oljenæringa, slik verda fungerer i dag, ikkje er realistisk. Men som ungdommar og studentar rundt i landet no demonstrerer gjennom Klimaopprøret, er det ikkje nok med fin prat om tiltak for å nå klimamåla. Praten må bli til praksis. Det er ikkje eit poeng å forske på fornybar energi om det i (eventuelt nær) framtid ikkje er eit klima å redde. At UiB skal ta del i arbeidet for å vidareutvikle oljeindustrien er derfor hyklersk.
Lite hjelp det også at rektor, Dag Rune Olsen, er den rektoren i landet med høgast CO2-utslepp, fire gonger så stort som den gjennomsnittlege nordmannen (som for den saks skyld er langt over verdsgjennomsnittet og det som kan reknast for å vere berekraftig). Dette gjer at all den fine praten om berekraftsmål og klimanøytralitet blir nettopp det: prat. Skal universitetet faktisk oppnå sine mål, krev det umiddelbare tiltak i praksis. Mi oppfordring til universitet blir derfor å kutte forskinga på oljeutvinning, og redusere sine utanlandsreiser til situasjonar der det er absolutt nødvendig – videokonferansar vil her vere eit godt alternativ til fysisk oppmøte.
Eg har trua på at UiB ønsker å gjere sitt for å hindre klimautslepp og oppnå berekraftsmåla, men poenget er at universitetet må gå frå prat til handling, og må gjere tiltak som viser at dei tek klimaendringane på alvor. Då hjelp det lite å inngå støtteavtalar med selskap som Equinor, som i 2018 brukte 95 prosent av investeringane sine på olje og gass.