Nyhet

VALGSPESIAL: Senterpartiet

Dette vil Senterpartiet gjøre for deg.

SP. Ragnar Kvåle, kommunikasjonsrådgjevar for Senterpartiet. FOTO: Senterpartiet
Publisert Sist oppdatert

Studvest har valgt ut noken spørsmål til dei ni største partia som kjempar om ein plass på stortinget for å gi deg en oversikt over deira fanesaker og kva dei ynskjer å gjøre for studenter.

Ragnar Kvåle, kommunikasjonsrådgjevar for Senterpartiet, svarar på vegne av partiet.

Kva er fanesaka for valet og kvifor?

For oss er det viktigaste ved årets val å ta eit oppgjer med den sentraliserande politikken som Høgre har ført over åtte år i regjering. Det viktigaste for oss er å sikre at alle, uansett kvar dei bur, og kva dei tener skal kunne leve gode liv. Dette inneberer at du har tilgang på naudsynte tenester der du bur, som helsetilbod, utdanning, kollektivtransport, jobb, kulturtilbod og mykje meir. Samtidig som at du skal kjenne deg trygg uansett kor du er – dette inneberer mellom anna god beredskap; eit politi, helsepersonell, og brannvesen som er der når du trenger det og trygge vegar å ferdast på.

Kva vil dykk gjere for studentane?

Det er ei rekke ting som må på plass for studentane. Vi vil styrke økonomien til studentane, slik at det kan bli mogleg å berre studere, utan å tenke på at ein må ha arbeid ved sida av. Vi må dessutan bygge mange fleire studentbustadar, for å nå dekningsmålet om 20%. I 2021 satt vi difor av pengar til å bygge 3000 nye studentbustadar (1350 fleire enn regjeringa sitt forslag). Vi vil i tillegg reversere konverteringsordninga, for du skal ikkje bli straffa for å ha valt feil studie.

Hovudtanken bak å studere er å kome inn på arbeidsmarknaden. Difor meiner vi at vi må ha eit utdanningstilbod som er tettare knytt opp mot arbeidslivet, både med tanke på kva tilbod som finnast, men også med tanke på forsking og praksisplassar undervegs i studietida. Vi vil også betre studenthelsetilboda, deriblant permisjonsordningar der du av ulike grunnar kanskje treng ei pause, samt ei særskild satsing på studentar si psykiske helse.

Kvifor skal studentane i Bergen stemme på dykk?

Senterpartiet er den fremste garantisten for å sikre eit desentralisert studietilbod i heile landet, der Bergen er ein viktig studieby. Vi vil sikre eit meir arbeidslivsretta utdanningstilbod, knytt opp mot verksemdene som finnast i nærområdet, og dermed også bidra til å utvikle Bergen og resten av Vestlandet til levande regionsenter. Uansett kvar du vel å studere, skal du ha like moglegheitar til å få eit godt utdanningstilbod, knytt opp mot arbeidsplassar, og ein studenthybel som ikkje kostar meir enn ein student evnar å betale.

Powered by Labrador CMS